Kjøpte instrument til 125.000

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aleksander Haga Tveit spesialiserer seg på marimba, som er eit svært slaginstrument av xylofontypen. I sommar bestemte han seg for å ta heilt av med den litt spesielle interessa.

I staden for å ta opp billån, som ein 20-åring vanlegvis ville gjort fyrst, valte Tveit å kjøpe seg ein skikkeleg marimba for 125.000 kroner. No sit han med eit lån på om lag 85.000 kroner, men han stressar ikkje på grunn av det.

– Nedbetalinga tek eg gradvis, og det vonar eg ikkje blir noko problem. Eg har trass alt teke meg tid til å vera veldig aktiv i kulturlivet på Stord, både som utøvar og som dirigent i betalt stilling, smiler Tveit

Likte lyden
Som tiåring starta Tveit å spela saksofon i Stord Skulekorps. Men i niande klasse fekk han grå stær, noko som enda med at han mista synet på venstre auge under ein operasjon. Etter det hadde han lyst å byrja heilt på nytt og fekk lov av dirigenten til å bytta til trommer. På Stord vidaregåande skule starta han på musikklina med slagverk som hovudinstrument. I andre klasse introduserte instrumentlæraren, Rune Nesse, marimbaen til han.

– Eg syntest ikkje det var så veldig stas der og då, det var vanskeleg. Men eg likte lyden i instrumentet. Det tredje året tok eg ting meir seriøst. Då eg byrja å øva meir, blei eg flinkare og musikken blei flottare, seier Tveit.

LES OGSÅ: Trekkspelklubb mot straumen

Slepp presset
Tveit blei meir og meir fascinert over instrumentet. Og allereie mot slutten av vidaregåande gjekk han til innkjøp av sin første øvingsmarimba til 25.000 kroner. Den øvde han aktivt på og starta å komponera eige musikk og solosatsar for instrumentet. Det at marimba ikkje er så veldig vanleg, synest han berre er kjekt.

– Eg er ikkje særleg fan av instrumentmiljøet ein finn på små plassar, der det handlar om å vera best til alle tider. Det presset slepp eg når eg vel marimba, i alle fall på Stord. Her er det berre eg som har fordjupa meg i det, seier han.

LES OGSÅ: Gitarspeling mot fedme

Vil bli musikklærar
Interessa for marimbaen toppa seg då han gjekk på Manger Folkehøgskule i fjor. Der fylte han all fritida med øving. I haust byrja han å studere på faglærarutdanninga i musikk på Høgskolen Stord/Haugesund. I tillegg er han dirigent for Sagvåg Skulekorps og spelar slagverk aktivt i Sagvåg Musikklag.

– Min hovudintensjon er å bli musikklærar og satsa på ungdom og dei som verkeleg vil bli flinke. Ikkje berre i slagverk, men innanfor blås òg. Det viktigaste målet mitt er å få fram til ungdom at trommer ikkje berre er trommesett. Det fins ei heilt anna verd der som eigentleg òg er ganske kul, seier marimbaspelaren.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!

Marimbaen står trygt på høgskulen på Stord. Aleksander Haga Tveit er usikker på kvar han skal få plass til det svære instrumentet seinare. Foto: Cornelia Koppang Henriksen