Heidra for lønsam nytenking

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson får utmerkinga for innsatsen med å utvikle selskapa Yast, nLink og Rocketfarm. Prisen er på 30.000 kroner og vart utdelt på fylkestinget 11. desember.

Leiar for houvdutvalet for plan og næring, Hilmar Høl (Ap) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) stod for prisutdelinga.

Dei fire unge gründerane valde å etablere seg i campus-miljøet i 2008. Yast hadde dei allereie etablert under studietida i Trondheim. Selskapet er eit programvareselskap som har utvikla eit enkelt system for timelisteføring. I 2009 starta dei nLink, og i 2012 fusjonerte dei Yast og konsulent-delen av nLink til det nye selskapet Rocketfarm. I dag er dei ti tilsette fordelt på nLink og Rocketfarm.

Les tidlegare intervju med gründerarane her!

Kompetansearbeidsplassar for framtida
Hovudutvalsleiar Hilmar Høl trekte fram mange argument for å gi prisen til dei fire i talen sin.

– Desse initiativrike menneska er framifrå føredøme for andre unge gründerar. Dei har vist at det er fullt mogleg å etablere suksessbedrifter i distrikta. Dei har sett moglegheitene og fordelane ved å etablere verksemda i lokalmiljøet i Sogndal. Mange ser dei som viktige bidragsytarar til at det har oppstått ei spire av ”gründerånd” på Fosshaugane Campus. Dei har skapt kompetansearbeidsplassar for framtida, og juryen håpar at den fantastiske utviklinga held fram, sa Høl.

Halvorsen, Nilsson og Gregusson hadde tatt turen til Leikanger for å ta imot prisen, medan Borgesen var med på ipad-skjermen frå Stavanger.

– Det som driv gründerar er draumen om å skape noko, og det er små marginar som skil dei som lukkast og ikkje. Vi er i eit miljø vi ikkje har lyst å reise vekk frå, og vi vil bruke pengane frå denne prisen på ny rekrutteringssamling, sa Halvor Gregursson i takketalen.

LES OGSÅ: Ein av fire drøymer om eiga bedrift

Teneste med globalt marknadspotensial
Juryen meiner at vinnarane på ein framifrå måte har utnytta kompetansen sin innanfor IT og teknologi. Dei har skapt eit produkt for framtida. Vinnar-gründerane tilbyr eit nyskapande produkt innan time- og samtaleregistrering på nett. Dei arbeider også med å utvikle software til mobiltelefoner samt web-programmering.

For knappe tre veker sidan toppa dei tidsskriftet Forbes si liste over dei sju beste web-produktivitetsverktya som skal maksimere effektivitet. Dette er eit tydeleg teikn på at arbeidet til gründerane har blitt lagt merke til også internasjonalt. Juryen var samansett av representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og NHO.