Vangsgutane held stand

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Draumekvinna til Arne Hjeltnes

Den varsame fornyinga av Vangsgutane held fram også i år i ny layout med ei nyskriven og nyteikna historie. Forfattar er Sverre Årnes og teiknar er Ivan Andreassen. Framsida er teikna av Knut Westad. 

Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Arne Hjeltnes. Han skriv om sin favoritt i serien, Sigrid Vangen, mor til Vangsgutane.

– Ho er sjølve bygdekvinna. Solid, trufast, hardtarbeidande og mest oppteken av å gjera godt for andre. Kven drøymer ikkje om ei slik mor og kone? skriv Hjeltnes.

LES OGSÅ: Olav Thon blir inspirert av Vangsgutane

Den nyskrivne historia om Vangsgutane og Larris er lagt til hausten 1941, då alle som ikkje var medlemar i NS laut levera inn radioane sine. Radioen til moster Ane hamnar i stova til ein NS- medlem. Sterk-Ola og Vangsgutane bestemmer seg for å ta radioen att og ei mørk natt aksjonerer dei.

Trufaste lesarar får også sitt. Det blir gjensyn med ei soge frå 1965, skriven av Vangsgutane sin far, forfattaren Leif Halse og med teikningar av Bjarne Kristoffersen. Vangsgutane skal til fjells med mat til ein zoolog driv feltarbeid. Der møter dei tjuvane Fanten og Feiaren som tjuvslaktar sauer på beitet.

Knut Berg hindrar romkrig
Tradisjonen tru kjem også julehefte med Ingeniør Knut Berg ut, i år det siste av dei originale hefta med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Heftet i år er opptrykk av hefte nummer 18 frå 1960, det siste av dei originale Knut Berg-hefta.

Den vonde dr. Panga vil byggja basar på Mars og Månen for å kontrollera og ta herredøme på Jorda. Ein ikkje ukjend strategisk tanke i dag heller. Knut Berg og Mars-buarane prøver å hindre denne planen. 

Forlaget har ein nyskriven og nyteikna spesialserie om Knut Berg som ikkje er utgjeven som hefte. Fleire av originalhefta er heller ikkje komne i nytt opplag. Forlaget planlegg å gje ut spesialserien som julehefte neste år og sidan dei gamle, originale hefta som ikkje er komne i nytt opplag, melder Fonna Forlag.

 

 

Tradisjonsrike Vangsgutane er også i år ute på nye (jule)eventyr.


Å hindra bygging av militærbasar på Månen og Mars er tema i årets julehefte om og med ingeniør Knut Berg.