I rute til jol

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Katt og mus er veldig «jolete», så det passa liksom godt, slår den unge teiknaren fast. 

I Levi Holt Bratlands jolehefte «Navnløs jul» er det få spor av nissar og reinsdyr. Men katt og mus kan ein altså finne. Og sjølv om Levi er «bymålstalande» og bokmålsskrivande, ville nok målet til både katten og musa gjort Ivar Aasen glad. 

– Katten har aldri snakka i stripene mine før, så då tenkte eg at både han og musa kunne få snakke nynorsk, seier den språkbevisste serieskaparen. 

Om lag halvparten av stripene og historiene i joleheftet er «jolerelaterte», i fylgje Levi. Snømenn, jolegåver, ski og vinter pregar sidene i heftet, som Levi har teikna for hand og fargelagt på data, og til og med trykt sjølv – alt på guteromet i garasjen. Kostnadene til trykkinga har foreldras verksemd Blomen sponsa. 

– Det var dei som spurte om eg ikkje hadde lyst til å lage eit jolehefte. Og det var jo ein god idé, syntest eg, seier Levi.

Før jol i fjor gav han også ut eit seriehefte, men det var ikkje eit jolehefte, forklarar han. 

– Og nivået på dette heftet er mykje høgare enn det førre, legg han til. 

For rar til sjølvbiografi 
Men mange av karakterane er dei same. No byrjar personlegdomane til Levis figurar å ta form, mange år etter at han teikna dei for fyrste gong. Hovudpersonen har fått namnet Navnløs, viss det kan seiast å vera eit namn. Levi kom ikkje på noko godt godt namn som passa. Navnløs var i starten ein sjølvbiografisk karakter. Men så sklei det litt ut, smiler Levi. 

– Navnløs hadde for mange rare påfunn etter kvart. Men eg og han har framleis same lua, og han kan også bli hyper og spele gitar, seier Levi. 

Samfunnsengasjert 
Kva stripene tek opp varierer mykje, og eit vidt spenn av tema blir skildra i rutene. 

– Det går veldig opp og ned kva eg gjer. Av og til er det enkle vitsar eg teiknar, mens andre gonger lagar eg lengre, djupare historier, seier den unge serieskaparen.

Han går heller ikkje av vegen for litt samfunnskritikk, sjølv om han påstår at han ikkje er politisk interessert. Han har berre sterke meiningar, seier han. 

– Både eg og Navnløs er kritiske til egoisme. Den fyrste stripa i heftet handlar om det, fortel Levi.

Han har også prøva seg litt på karikaturkunsten. 

– Eg har laga ein karikatur av Siv Jensen, som eg blei ganske fornøgd med. Eg har prøva meg på fleire karikaturar òg, men eg treng nok meir trening der, seier han. 

LES OGSÅ: Nynorske zombiar inntek festival

Får mykje respons 
Karikaturen av Jensen er ei av mange striper Levi har lagt ut på nettet, både på nettserier.no og wordpress. Det er slik han blir betre, forklarar han. For tilbakemeldingane er mange. Han har fått fleire kommentarar på at han kjem til å hamne i eit teikneserieblad ein dag. Dei gode tilbakemeldingane verkar motiverande. Og dei mindre gode? 

– Konstruktiv kritikk set eg pris på, for det kan eg bruke til noko. Det er det eg blir flinkare av. Destruktiv kritikk får eg også ein del av. Den kan ein også bruke til å bli betre, men ein blir litt sur av han. Eg blir ikkje lei meg når folk er veldig negative, men eg blir litt sjokkert over at folk gidd å vera slik, seier han. 

Det var teikneserieforfattar Tor Ærlig som tipsa Levi om å leggje ut seriane på nettet for å få kritikk. 

– Han lærte meg også at eg burde ta meg betre tid når eg teiknar, og utnytte tida betre. Han har gjeve meg tilbakemeldingar på fleire av stripene mine, seier Levi. 

Før likte han at stripene hadde eit litt «skittent» preg. Litt ekstra prikkar og strekar frå blyantteikninga gjorde seg, syntest han. No er han oppteken av å ha ein rein strek. Så han tek seg betre tid. 

– Eg må ha det heilt stille rundt meg når eg teiknar. Men når eg tusjar, set eg på høg musikk, seier han. 

Det neste heftet er alt under produksjon i garasjen i Grungedal. Kanskje får den nynorsktalande katten plass også der?  

Les saka i Vest-Telemark Blad!

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR TEIKNESERIAR HER!