Den arabiske natta

Frikk Nesje
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Byråkratar har forhandla dei siste vekene. No er det opp til politikarar å sluttføre Doha-møtet. Spørsmåla som ligg att på bordet er store og avstanden er stor.

Dei store spørsmåla heng saman med korleis ein kan lage eit avtalesett som tek innover seg av verda har endra seg sidan 1992, men understrekar at ein forventar ulike forpliktingar frå rike og fattige land? Samstundes byrjar det å haste. Utsleppskutt og finansieringsforpliktingar enkeltland er villige til å ta på seg stemmer ikkje med det vitskapen fortel oss.

Her følger nokre av mine oppdatering frå landet der det no blir gnikka på oljelampa. 

• Alle forhandlingsspor på byråkratnivå er no avslutta. Teksten på framtidig forpliktingsperiode under Kyoto-avtalen, teksten på langsiktige kollektiv handlingar, som inkluderar utsleppskutt i rike og fattige land, klimatilpassing, klimafinansiering, og teknologioverføring, samt teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale er no overlevert til ministrane for politiske forhandlingar.

• Teksten på framtidig forpliktingsperiode under Kyoto-avtalen og teksten på langsiktige kollektiv handlingar skal sluttførast på dette møtet. Teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale skal ferdigforhandlast innan utgangen av 2015.

• Noreg har skifta posisjon på eine opsjonen i Kyoto-teksten etter enorm innsats i sosiale medium og gjennom lobbying i Doha. Det gjenstår å sjå korleis dette påverkar forhandlingsposisjonane til land som Australia og Sveits som framleis strittar imot.

• Det ser no ut som ‘overskotskvotane‘ ikkje slettast. Dette er eit smutthol i Kyoto-avtala og har som konsekvens at dei lite at utsleppskutta som vert bundne i Kyoto-avtalen vert av mindre effekt.

• Teksten på langsiktige kollektiv handlingar er framleis svak. Denne prosessen skal avsluttast i Doha, og det er viktig at teksten med avgjersler vert så ambisiøs og konkret som mulig. Det ligg ikkje inne kollektive utsleppsmål for 2050, slik det har gjort gjennom dei siste åra. Klimafinansieringsteksten er vag. Det ligg ikkje inne tekst på finansieringsmål for perioden 2013 til 2020, ingen mål for mobilisering av offentlege finansar, ingen oppfordring til å melde inn tal, og nemner ikkje at dette skal vere tilleggsmidlar. Der er heller ingen konkrete planar for å få i gang prosessar rundt innovative kjelder for finansiering. Klimatilpassingsteksten er også dårleg. Det er mulig tekstane endrar seg seinare i natt.

• På teksten på det nye arbeidsprogrammet for ei global klimaavtale som skal stå ferdig i 2015 er det usemje om store spørsmål. Dette dreiar seg om i kor stor grad prinsipp om byrdefordeling som ligg festa i klimakonvensjonen skal vere førande for den nye klimaavtala. Dette har bakgrunn i prinsippet om lands ulike historisk ansvar og økonomisk kapasitet. Denne teksten skal forhandlast vidare på etter Doha. Spørsmålet er om det seinare i natt eller i morgon vert gjorde delvedtak for vert førande for den framtidige forhandlingsprosessen.

• Det pågår diskusjonar om ein skal endre konsensus som vedtaksform. Dette arbeidet vert vidareført til neste toppmøte.

I skrivande stund forhandlar politikarane enno, og skal ha neste orientering tidleg om morgonen, lokal tid. Dei store vedtaka let vente på seg og vert mest sannsynleg ikkje teke i Doha.

Først publisert i Klart vi kan-bloggen til Changemaker.


QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!