Fann ny edderkopp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne imponerer

– Eg gjorde for eit par veker sidan eit temmeleg oppsiktsvekkjande edderkoppfunn i ei myr på Stord, seier Bjarte Aadland.

Såpass oppsiktsvekkjande var det at konservator ved Midt-Troms museum, Kjetil Åkra, straks tok affære og kontakta Fylkesmannen si miljøavdeling i Hordaland. Åkra er også araknolog.

Første i landet
– Funnet som Bjarte Aadland har gjort, er av ein sjeldan og uvanleg edderkopp som ikkje er registrert i Noreg tidlegare. Det er høgst uventa og overraskande at funnet blei gjort på Vestlandet, i og med at arten berre er kjend frå søraustlege deler av Sverige, ein stad sør i Finland og Danmark, opplyser Kjetil Åkra til Sunnhordland.
Han meiner det er godt mogleg at arten finst i heile Sør-Noreg langs kysten, men at han i så fall er svært lokal og sjeldan.

LES OGSÅ: Edderkoppsensasjon i Gudbrandsdalen

– I dag har me 624 kjende edderkoppartar i Noreg, i tillegg til seks innførte artar. Me reknar med at det finst mellom 660 – 670 artar totalt, og kanskje endå fleire. Det er framleis ein del artar me ikkje har funne, seier Åkra.
Han meiner Bjarte fortener både omtale og skryt.

– Det arbeidet han har gjort med å kartleggja edderkoppfaunaen på Stord og andre stader i Noreg er av nasjonal verdi. Dette er den andre nye arten i landet han har funne, den første var ikkje i Sunnhordland, seier Åkra.

Brukar opplysningane
Åkra kontakta Olav Overvoll ved Fylkesmannen i Hordaland etter funnet av Robertus ungulatos, som edderkopparten heiter.

– Det er viktig å registrera slike funn som det Aadland har gjort, på nettstaden artsobservasjoner.no. Då blir informasjonen tilgjengeleg for alle, også for oss som mellom anna jobbar med arealforvalting. Me brukar denne informasjonen når me skal sjå etter om det er registrert spesielle naturverdiar i eit område, til dømes i samband med arealplanar, seier Overvoll.

– Kan slike funn stoppa utbygging av område?

– Det er fleire problemstillingar som spelar inn i ei slik vurdering. Det spørst om eit slikt edderkoppfunn kan stoppa ei utbyggjing åleine, men det vil kanskje bli gjort justeringar slik at funnet blir tatt omsyn til, seier Overvoll.

LES FLEIRE DYRENYHENDE HER!

Jakta på det uvanlege
– Når eg er ute og leitar, tek eg med meg edderkoppane heim på glas med sprit i, seier Aadland.
Deretter studerer han småkrypa i mikroskopet, og tek bilete gjennom lupa.

– Eg gjer det meste av researchen på internett, og får mykje hjelp frå Edderkoppkrokens forum. Her er det mange som kan mykje om dei ulike artane, seier Aadland.

Han ser føre seg å ta turen til Rognabekken om lag ein gong i månaden framover.
– Eg vil sjå korleis faunaen er gjennom heile året i dette området.

Han er klar over at andre folk tenkjer at han har ein sær hobby.
– Nokre tykkjer det eg driv med er snodig, andre tykkjer der er stilig. Sjølv tykkjer er det er viktig at nokon gjer denne jobben. Edderkoppen er ein del av eit økologisk system, seier Aadland.

Bjarte Aadland har funne ein edderkoppart på Stord, som ikkje er registrert i Noreg tidlegare. Arten fann han i området på veg opp mot Fjellgardane. FOTO: ANITA HAUGLAND

LES SAKA I SUNNHORDLAND!