Faktaboks
Synnøve Macody Lund var også aktuell som regissør på bakomfilmen om "Kon-Tiki"-innspelinga. Utover det jobbar ho som filmmeldar i TV2.
Synnøve Macody Lund har skrive romankontrakt med Samlaget.
Torsdag vart det kjent via Facebook at skodespelar, modell og filmkritikar, Synnøve Macody Lund (36) frå Stord, har skrive forfattarkontrakt med Samlaget.
– Eg er veldig glad for dette, og det kjennest veldig rett å gjera det på Samlaget, seier Macody Lund til Dagbladet.
Stord-jenta vart kjent for det store publikum då ho tolka rolla som Diana i filmhiten "Hodejegerne", der ho spela mot Aksel Hennie.
QUIZ: Prøv deg på bok-blir-film-quizen vår!
36-åringen presiserer at ho er i startfasen på boka, og tykkjer det er for tidleg å seia noko om kva ho skal handla om – utover at det er snakk om ein roman.
Ho fortel at ho alltid har vore svært sjølvkritisk, og brukte blant anna å ta til tårene då mor hennar såg over stilane ho skreiv på skulen.