Ad fontes

Frikk Nesje
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik situasjonen er i dag, utan ambisiøse målsetjingar for utsleppskutt, er vi på veg mot ei verd der gjennomsnittstemperaturen vil stige med minst fire grader, samanlikna med den før-industrielle nivået. For å sikre at ein oppnår målet om å hindre meir enn to graders oppvarming, og for å sørge for at dei fattigaste landa har muligheiter til å tilpasse seg dei klimaendringane to graders gjennomsnittleg oppvarming vil gje, er det eit sterkt behov for nye finansielle midlar for klimatilpassingsprosjekt og utsleppsbremsande tiltak i utviklingsland.

I forkant av etableringa av det Grøne Klimafondet i Durban, var eit av dei viktige utfalla av København-møtet at rike land, samla sett, sa seg villige til å setje av 100 milliardar dollar årleg til klimafinansiering frå og med 2020. Halvparten er tenkt skal gå til utsleppsbremsande tiltak, og halvparten skal gå til klimatilpassingstiltak i utviklingsland. 

Å nå dette målet er viktig, men sidan København har nye rapportar vist at denne summen ikkje er nok til å sikre at utviklingsland har muligheita til å tilpasse seg klimaendringar. Budsjettoverføringar frå rike land må spele ei sentral rolle. Men grunna at rike lands samla mål om å setje av midlar til klimafinansiering ikkje har resultert i at enkeltland har vore villige til å uttale kor stor mykje pengar dei er villige til å setje av og forplikte seg til dette, kan vi ikkje sjå vekk frå andre kjelder for finansiering av klimatiltak bør studerast.

Slike nye kjelder til klimafinansiering bør vere av ein slik karakter at dei har stort potensiale til å få inn midlar og at dei er i samsvar med prinsippet om at land har ulikt ansvar for og ulike økonomisk kapasitet i møte med klimaendringane. Av den grunn bør nye midlar kanaliserast til land der behovet for desse er størst. I tillegg burde ikkje inntekter til det Grøne Klimafondet genererast på ein måte som er i strid med fattige lands rett til utvikling.

Under følger nokre døme på offentlege innovative kjelder for å sikre klimafinansiering:

Skatt på internasjonale finanstransaksjonar. Ein liten skatt på internasjonale finanstransaksjonar kan generere store inntektsstraumar. Så lang er det vedteke at ein slik skatt skal innførast i tolv EU-land. Det trengst at minst 25 prosent av inntektene allokerast til det Grøne Klimafondet. I tillegg bør ein slik skatt etablerast i fleire land.

Internasjonal skips- og luftfart. Internasjonal skips- og luftfart er store og rasktveksande kjelder til klimagassutslepp. Det å setje ein pris på utslepp kan vere måte å redusere utsleppa i sektoren på og kan gjennomførast på ein måte som er sikrar at land med lågt historisk ansvar og økonomisk kapasitet vert regulert mindre stramt. I tillegg kan ein slik mekanisme generere store inntektsstraumar til klimatiltak i utviklingsland.

Inntekter frå offentlege karbonmarknadar. Heller enn å dele ut utsleppskvotar gratis, slik dagens praksis i EU klimakvotehandelssystem er, bør ein stor del av kvotane i dette og andre klimakvotehandelssystem auksjonerast. Inntekter frå auksjonering av kvotar bør tildelast det Grøne Klimafondet.

Desse døma på innovative kjelder for klimafinanseing bør ikkje etablerast på bekostning av budsjettoverføringar frå dei rikaste landa.

 

Først publisert på Klart vi kan-bloggen til Changemaker.