Sunnmøringane frys. Onsdag opplevde Tussa ny forbruksrekord av straum. Kulda får skulda.

Janne-Marit M. Falch, Mørenytt
Janne-Marit M. Falch, Mørenytt

Rekorden er på 185 MWh i timen mellom klokka 09.00 og 10.00. Ingeniør Bjørn Erik Sørheim på vaktsentralen til Tussa forklarer det enkelt.

– Ein vanleg vifteomn forbrukar typisk 2 kWh. Det vil seie at 185 MWh tilsvarar rundt 92.000 vifteomnar. Då har du ein god lunk i stova, seier han.

Forbrukstopp
I Tussaland er det typisk med forbrukstopp av straum på føremiddagen og på ettermiddagen.

– Men det er på føremiddagen at straumtoppen er størst, fortel Sørheim.

Sist gong det vart sett rekord i straumforbruk i Tussa var 8. januar 2010. Då vart det brukt 182 MWh i timen, også mellom klokka 09.00 og 10.00.

På Tussa informerer dei om at forbrukstoppar gjerne går hand i hand med høge straumprisar, men at prisen onsdag 5. desember var relativt låg. Snittprisen var på 39 øre per kWh, mot 8,20 kroner i januar 2010.

Kulda får skulda
Bjørn Erik Sørheim meiner det er nærliggjande å tru at det er kulda som er grunnen til forbruksrekorden.

– Oppvarming vil eg tru er hovudgrunnen, og så er det også slik at varmepumpene har dårlegare effekt no i kulda. Dei brukar meir straum for å produsere varme. Nokre pumper sluttar også å virke når det vert for kaldt ute, og då bruker folk gjerne omnar å varme opp med, seier han.
Nok straum

Til trass for rekordforbruk av straum, har Tussa framleis gode marginar å gå på.

– Vi greier å levere, men vi merkar sjølvsagt av vi nærmar oss nokre grenser. Enkelt sagt: skjer det ein alvorleg feil no, vil det ha større konsekvensar enn ved låg last. Men vi sit ikkje akkurat her og er engstelege, understrekar Sørheim.

LES SAKA I MØRENYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE