London-OL verdt pengane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei tid der mange er skeptiske til å bruke pengar på eit vinter-OL i Oslo om 10 år, har britane på si side nettopp konkludert med at London-OL var ein suksess på alle moglege måtar, også økonomisk. Og det sjølv om staten måtte spytte inn uhorveleg store summar, som ellers kunne ha vore brukt på landets stadig veksande gruppe fattige sosialklientar. 

Verdi for pengane
Rapporten frå riksrevisjonen vart publisert onsdag og er generelt positiv til leikane i London, trass i at dei første kostnadsanslaga var for låge og at eit privat tryggleiksselskap ikkje klarte å skaffe nok vakter slik at soldatar i staden måtte kallast inn til å hjelpe til med vakthald.

Totalt spytta det offentlege inn 81,35 milliardar kroner (9 milliardar pund) i arrangementet. Britiske styresmakter håpar leikane vil føre til fleire investeringar i landet og besøk av fleire turistar.

– Leikane var ein suksess, og i det store biletet har dei gitt verdi for pengane, heiter det i rapporten.

Sportsleg suksess
Riksrevisjonen rosar arrangøren for å ha vorte ferdig med bygginga av anlegg i tide og innan budsjett. Rapporten nemner også at leikane vart haldne utan store transportforstyrringar eller sikkerheitsproblem. Totalt vart det selt 11 millionar billettar, og i rapporten gler riksrevisjonen seg også over suksessen til dei britiske utøvarane under OL på heimebane.

Storbritannia tok 29 gull, 17 sølv og 23 bronse i leikane og enda på tredjeplass på medaljestatistikken. Lista vart toppa av USA framfor Kina.

Trur du eit nytt OL i Noreg vil kunne vere ein like stor suksess?