Miljøpartiet Dei Grøne vil bada kvar veke fram til stortingsvalet for ein anstendig klimapolitikk.

mm

Temperaturen er ni minusgrader, og isen kryp lenger og lenger ut langs Operataket. Det hindrar ikkje Miljøpartiet Dei Grøne å kle av seg og hoppa uti vatnet som held cirka tre plussgrader.

– Det var veldig kaldt, men kaldast når eg kom opp av vatnet, seier Ingrid Ophaug Dahl til Framtida.no. Ho er medlem i arbeidsutvalet til Grøn Ungdom og ein av seks som bada i dag.

LES OGSÅ: – Uansvarleg å vente til 2020

– Pinar oss betre
Kvar onsdag morgon sidan august har partiet bada frå Operaen i Oslo. No har lokalpartiet i Stavanger òg byrja å bada.

– Me vil at stortingspolitikarane tek klimaproblema på alvor. Derfor må Miljøpartiet Dei Grøne få plass på Stortinget, seier Ingrid Ophaug Dahl.

– Me må pina oss litt for at me skal gjera det betre. Dessutan er det jo litt kjekt òg, ler ho.

I ei fersk meiningsmåling utført av InFacts på vegne av VG i dag, går miljøpartiet 1,2 prosentpoeng fram. Dermed endar dei opp med ei oppslutnad på 1,9 prosent poeng.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

– Gapet må lukkast
Dei politiske isbadarane er opptatt av at utsleppsgapet må lukkast. Dette er gapet mellom det vitskapen seier, og det som ligg på bordet av politiske utsleppsmål. Ein ny studie frå Cicero viser at verda er på veg mot fem graders oppvarming, dersom utviklinga i klimautslepp held fram.

Partisekretær Mikkel Storm Glomstein forklarar at han badar for ein anstendig klimapolitikk.

– Det er viktig at ting ikkje berre får skura og gå, seier han. Isbadinga er òg ei personleg markering.

– Det handlar om å utfordra seg sjølv.

Partisekretæren er ikkje sikker på kva dei skal gjera om fjorden frys til.

– Isbrytarlogistikken veit me ikkje heilt enno. Kanskje finn me oss ein stad å bada lenger ute, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE