Trekkspelklubb mot straumen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sju av seksten medlemer i klubben er under 21 år.

– Det er ingen som synst det er teit eller noko, dei fleste synst det er ganske kult, seier Tobias Sæthre (15).

Laber rekruttering
På same måte som ungdom og kefir, eller ungdom og bølgje-partikkel-dualisme, er ungdom og trekkspel omgrep ein normalt ikkje høyrer nemnd i same setning.

I nystarta Fjøra Trekkspelklubb er det annleis.

Der har ein klart å foreina to verder, som i våre dagar ikkje så ofte møtest: unge og gamle – med trekkspel og gamaldans som fellesnemnar.

Rekrutteringa av ungdomen er elles eit kjempeproblem for alle som har eit varmt hjarta til musikkforma. Til dømes skreiv kongsvingeravisa Glåmdalen tidlegare i sommar om frykta for at gamaldansen snart skal døy ut.

– Eg er redd den går bort med oss eldre, det er ikkje akkurat mange unge å sjå her, sa trekkspelveteran Ola Karlstad (80) under ein festival på Eidskog.

Arv eller miljø?
For det er nok av konkurranse om å vinna ungdomen sin gunst: aktivitetar som ski, fotball og dataspel for å nemne nokre, i tillegg til lekser som tek mykje av tida.

Når me spør klubbleiar Tryggve Kvåle og musikalsk leiar Oddbjørn Ramstad korleis ein trass alt har lukkast, trekkjer dei fram tilretteleggjing, både når det gjeld repertoar og fingersetning, samt å halda ein kameratsleg tone, som viktig.

– Me legg ikkje noko press på elevane, då sluttar dei berre, seier Ramstad.

Men ein skal heller ikkje gløyma arv som faktor.

– To eller tre av dei har arva trekkspelet etter besteforeldra. Alle har foreldre eller besteforeldre som spelar, fortel Kvåle.

LES SAKA I SOGN AVIS!