Her er dei mest kreative

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Forskaren Irene Tinagli har samanlikna landets byar og kommunar for å finna landets mest kreative stad. Bærum toppar lista, med Oslo og Asker på plassane bak, kjem det fram i rapporten Norway in the Creative Age som er utført for Abelia.

Sidan 2003 er det Stavanger og Sandnes som har vakse mest på kreativitetsskalaen, med Trondheim, Asker og Haugesund på plassane bak.

– Dette er ein tilstandsrapport på norsk økonomi og gir eit bilete av korleis det står til med næringslivet i norske kommunar. Funna snur norsk næringspolitikk på hovudet. Rapporten viser at det er liten vits i å skape arbeidsplassar i distrikta dersom det ikkje byggjast sterke koplingar til forskingsmiljø og kunnskapsklynger andre stader, fortel strategisk rådgjevar i Abelia, Tarje Bjørgum.

LES OGSÅ: Noregs mest attraktive stad

– Må finna si nisje
Rapporten viser tydeleg ein auke i mengd personar tilsett i kreative yrke i Norge. Medan de større byane dreg ifrå, vil styrken til mindre stader liggja lokalt.

– Dei som er langt vekke frå dei store byane og universitetsmiljøa, må jobba med å kopla seg på det som skjer lokalt innan forsking og næringsliv. Det å finna nisjar vil gjera at dei skil seg ut, og gjev ein større moglegheit til å bli samarbeidspartnar på eit høgt nivå, meiner Bjørgum.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Utdanning er nøkkelen
Rapporten viser at fleire mindre stader i landet scorar høgt på kreativitet. At eit stad har nære relasjonar til ein større by med universitets- og forskningsmiljø, er ein klar fordel og viser at utdanningsmiljø er nøkkelen.

– Eit høgt nivå med kreativitet i næringslivet er viktig. Nøkkelen her er kvalitet på utdanningsinstitusjonar som trekkjer til seg forskarar og talent, som igjen er med på å skape eit næringsliv. Innovasjon finn stad i skjeringspunktet mellom ulike bedrifter, noko som trekkjer til seg fleire kunnskapsrelaterte arbeidsplassar. Difor er kreativitet ein livsnerve til verdiskaping også lokalt, fortel Bjørgum.

LES OGSÅ: – Ingeniørar må flyttast frå olje til vindkraft

Irene Tinagli meiner geografi betyr meir i Noreg enn andre stader. Ho meiner at kor gode kommunar rundt i Noreg er til knyta seg til større sentra er avgjerande.

– "Den kreative klassen" må ha tilgang til ulike mulegheiter, til innovative menneske og ressursar, til idear og eit miljø som stimulerer. Små stader vil ikkje kunne tilby nok, og kan ikkje vinna konkurransen om dei kreative kreftene åleine. Hovudutfordringa i Noreg blir å få små byar til å samarbeida med kvarandre om å skapa regionar og nettverk av byar som saman tilbyr eit kritisk nivå av ressursar, i staden for å konkurrera mot kvarandre, seier Tinagli til Aftenposten.

Faktaboks

Undersøkinga ”Norway in the Creative Age” er laga av Irene Tinagli på oppdrag for Abelia og Vegvesenet.

Rapporten baserer seg på fleire tal. Kor kreativ ein kommune blir sett på avheng av talent, teknologi og toleranse, og ein kreativitetsindeks som kombinerer desse:
• Talent er sett saman av kor mange som har bachelorgrad, mastergrad og doktorgrad og kor mange som arbeider innanfor kreative yrke.
• Teknologi er sett saman av delen av arbeidsstyrken som arbeider i høgteknologibedrifter og kor mange patent som er registert.
• Toleranse er sett saman av etnisk mangfald og kor stor del av befolkninga som arbeider som kunstnarar.

Kreativitetsindeksen fordelt per innbyggjar:

1. Sola
2. Horten
3. Nøtterøy
4. Ullensaker
5. Nittedal
6. Time
7. Notodden
8. Askøy
9. Sørum
10. Malvik
11. Ski
12. Lier
13. Lillehammer
14. Frogn
15. Moss
16. Nannestad
17. Oppegård
18. Kongsberg
19. Stord
20. Harstad