Danmark har best klimapolitikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danmark er for tida det landet i verda som gjer mest for å få ned klimautsleppa, ifølgje miljøorganisasjonane Climate Action Network Europe og Germanwatch.

I ei ny rangering som dei to organisasjonane står bak, kjem Danmark øvst med 72,61 poeng av 100 moglege for klimainnsatsen sin. På andreplass kjem Sverige med 69,37 poeng.

I fjor var det Sverige som låg øvst, men ein effektiv utsleppspolitikk har no sendt danskane forbi.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Noreg når på si side ikkje høgare enn 28. plass på lista med 58,38 poeng. Det er eit fall på elleve plassar samanlikna med rangeringa i fjor.

I rapporten peikar miljøorganisasjonane på at Noreg har den nest høgaste delen fornybar energi etter Island, og at nesten all elektrisitet i Noreg kjem frå fornybare energikjelder. Når Noreg likevel fell på rangeringa, er det på grunn av ein markant auke i bruken av naturgass.

Noreg får likevel ros for å vere blant landa med den beste internasjonale klimapolitikken. (©NPK)

Kva meiner du Noreg bør gjera for å redusera klimautsleppa?