Det USA må betala for

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desse dagar kan ein knapt opna ei internasjonal avis eller sjå på ein internasjonal nyhende­kanal utan å høyra dette omgrepet «fiscal cliff», som vi på norsk kan kalla «det finansielle stupet». Ingen veit sikkert om Kongressen i USA har tenkt seg utfor stupet, men forståsegpåarar meiner at risikoen er om lag 60 prosent. I seg sjølv er stupet ein nokså god ting, det kan på kort sikt få den offentlege amerikanske økonomien i balanse att. Problemet er berre at både den amerikanske økonomien og den internasjonale er i store vanskar, og er det noko verdsøkonomien ikkje treng no, så er det mindre pengar. Men mindre pengar er nett det stupet fører til.

Mykje mindre. For det finansielle stupet er ei automatisk innstraming av det føderale budsjettet tilsvarande fire prosent av den årlege amerikanske verdiskapinga. Om Noreg skulle ha gjort noko liknande, hadde det svara til 120 milliardar kroner, langt meir enn vi kvart år løyver til alle norske sjukehus. I si tid fekk George Bush Kongressen med på dramatiske skattekutt, men han fekk ikkje vedteke desse til evig tid, berre fram til 1. januar 2013. Etter den datoen får USA attende skattenivået far til George W. Bush fekk vedteke etter at Ronald Reagan sette det amerikanske toppskattnivået ned frå 70 prosent til 28 prosent.

38 prosent
Om Kongressen ikkje gjer noko, skal det føderale amerikanske toppskattnivået opp til 38 prosent, som inneber ein føderal skatteauke på heile 20 prosent berre i 2013. Hardast råka vert dei lægre mellomlaga: Tener du 50.000 dollar og er gift, går faktisk skatten din opp med nær 2000 dollar eller 26 prosent. Tener du 200.000 dollar, må du betale 6500 fleire dollar i året, eller 14 prosent meir. Også kapitalistane må betala. For dei går skatt på aksjeutbyte opp frå 15 til 40 prosent, i Noreg er nivået 28 prosent. Obama lova under valkampen at skattane berre skulle opp for dei med høgst inntekt, men får han ikkje Kongressen med på ei anna løysing, aukar skattenivået for nær 50 prosent av amerikanske inntektsmottakarar.

Men ein eller annan auke i dei amerikanske skatteinntektene må koma, for jamvel med denne varsla skatteauken kjem den føderale skattedelen av BNP berre opp i 18 prosent i 2013, det historiske gjennomsnittet for USA sidan krigen. Om vi tek med delstatsnivået i offentleg forbruk, tok USA i 2010 inn 27 prosent av BNP i skattar og avgifter, men nytta heile 39 prosent på utgifter.

Det går ikkje. Og difor er ei reversering av skattekutta til Bush i utgangspunktet bra. Vert det gamle skattenivået innført, vil dei føderale skattane koma opp i 24 prosent av BNP i 2020. Så i staden for å måtta låna nye ti–elleve billionar dollar dei neste ti åra, vil regjeringa spara 7,1 billionar dollar, seier Kongressens eige budsjettkontor, ein svært respektert institusjon. Om Kongressen unngår det finansielle stupet og held fram som no, vil USAs netto­­gjeld derimot gå opp frå 69 prosent av BNP i 2011 til 100 prosent i 2021 og vera på 190 prosent i 2035. Og her er det tale om nettogjeld, altså gjeld som er justert mot formue. Bruttogjelda vil vera dramatisk mykje høgre enn 190 prosent i 2035 om regjeringa i mellomtida ikkje sel alt av offentleg eigedom og infrastruktur. Om Kongressen derimot vel å gå utfor stupet, vil nettoskulda berre auka frå 69 prosent i 2011 til 84 prosent i 2035.

Bra og dårleg
Slikt må då vera fantastisk bra? USA går ikkje konkurs, og det meste ordnar seg. Problemet er berre at det finansielle stupet inneheld automatiske utgiftskutt òg. På kort sikt er dette dårleg for USA og dårleg for verda; skatteauken vil gjera at amerikanarane kjøper mindre og dimed importerer mindre og dimed dreg ned veksten overalt. I staden for å få ein kraftig økonomisk vekst i 2013 vil både USA og verdsøkonomien kunna verta dregne inn i ein ny nedgang og dimed auka arbeidsløysa og dimed også mindre skatteinntekter. Men det er trass i alt eit kortsiktig problem, det langsiktige er kva utgiftskutta gjer med vekst­evna i amerikansk økonomi.

I 2013 er utgiftskutta i seg sjølve små, det er skatteauken som bit, utgiftene skal berre ned 0,25 prosent. Men utgiftene skal kuttast alle åra etterpå, og trygdesystemet er halde utanom desse kutta. To budsjettpostar skal taka det aller meste av kutta: forsvar og såkalla «frie midlar», dei skal ikkje eingong få ein inflasjonsjustert vekst. Frie midlar kjem i 2021 dimed til vera på 500 milliardar mindre enn om dei hadde fått ein inflasjonsjustert vekst. Om dei frie midlane derimot skulle få veksa i takt med økonomien elles, ville posten ha vore 1,5 billionar høgre i 2021. Grunnen til nedskjeringane er at Kongressen i 2011 vedtok automatisk utgiftskutt om dei to partia ikkje kom fram til ein budsjett­avtale før 2013. Dei har ikkje vore i nærleiken.

Kva er frie midlar?
Frie midlar er slikt som u-hjelp, forsking, utanrikspolitikk og ikkje minst samferdsle og infrastruktur. Om Kongressen lèt den automatisk kostnadsreduksjonen slå inn på frie midlar, er stort sett alle økonomar samde om at det vil kunna få dramatisk negative konsekvensar for den amerikanske vekst­evna i framtida, særleg sett i ljos av at trygdesystemet er halde utanom.

For i motsetnad til det mange europearar ser ut til å tru, har USA eit trygdesystem, og det har vakse i eit høgt tempo dei seinaste tjue åra. Stadig fleire amerikanarar har hamna utanfor arbeidsmarknaden, dei mottek pengar frå staten i staden for å gje pengar til staten.

I 1980 levde 17 prosent av amerikanske hushald av trygd frå det offentlege, no er det same talet 34 prosent. Frå juni 2009 til juni 2012 skapte den amerikanske økonomien 2,4 millionar nye jobbar, i den same perioden vart 3,5 millionar uføretrygda. I 1990 var 3 prosent av arbeidsstyrken uføretrygda, i år er talet 6 prosent. Og no står USA framfor eldrebylgja. Trygdeutbetalingane eksploderer samstundes som Kongressen altså er i ferd med å akseptera ein generell utgiftsfrys dei komande åra, ein frys som ikkje dekkjer særleg av trygdesystemet.

Verst kjem det truleg til å gå utover investeringane i infrastruktur, som lenge har vore eit lågt prioritert område i USA. USA hadde lenge ein verdsleiande infrastruktur. Hovudæra for dette går til den republikanske presidenten Dwight D. Eisenhower, som sat frå 1952 til 1960. Han skar dramatisk i forsvarsutgiftene og sette i gang utbyggjingane av dei såkalla interstatvegane, dei amerikanske riks­vegane, og ei rad andre prosjekt. John F. Kennedy fylgde opp denne satsinga og la til måneprosjektet.

LBJ
Men så kom Lyndon B. Johnson, den presidenten som fekk flest lover og program gjennom Kongressen. Med LBJ fekk USA ein velferdsstat, gratis helsetenester for eldre og fattige og dramatisk utvida trygdeordningar. Dette gjennomførde han samstundes som USA stod midt i den svært dyre Vietnam-krigen. LBJ etablerte eit varig mykje høgre offentleg kostnadsnivå, og han fekk òg auka marginalskatten, som fram til Reagan sette han ned, var på 70 prosent, men LBJ lét alle smotthola vera, og han fekk ikkje det samla skatte­nivået opp. Og her ligg USAs problem: Dei har ein velferdsstat, men har ikkje vore viljuge til å betala for han.

Og difor får landet ein stadig dårlegare infrastruktur.

Med jamne mellomrom deler Den amerikanske sivilingeniørforeininga ut ei karakterbok over amerikansk infrastruktur. Den fyrste kom i 1988. Då fekk amerikansk infrastruktur karakteren C, altså gjennomsnittleg, så gjekk karakteren ned til D, der han òg låg i den siste rapporten frå 2009. Foreininga har rekna ut at dei neste fem åra må den føderale regjeringa nytta 2,2 billionar dollar berre for å halda standaren på D, men Kongressen kjem i beste fall berre til å nytta halvparten, mykje mindre om USA går utfor det finansielle stupet.

USA har til dømes over 85.000 dammar, 4000 av desse er klassifiserte som farlege av styresmaktene, 15.000 er potensielt farlege. I Texas har sju ingeniørar eit budsjett på 435.000 dollar for å regulera 7400 dammar. Kvar inspektør har årleg ansvar for 1050 dammar.

Fly er eit anna område som er i elendig tilstand, flytrafikken vert den dag i dag styrd etter eldgamal teknologi, og flyselskapa er avhengige av å mellomlanda på såkalla hubflyplassar, som igjen fører til dramatiske forseinkingar. USA har i dag eit radarsystem basert på teknologi frå den andre verdskrigen. Om dei derimot gjekk til eit satellittstyrt system, kunne dei ha kvitta seg med dei fleste mellomlanding­ane og gjera flytrafikken mykje meir effektivt. Kostnaden ved eit slikt system er berre 25 milliardar dollar. Kongressen kjem ikkje til å vedtaka det.

Uendeleg
Lista over infrastrukturproblem er uendeleg. USA brukar mest energi per hovud i verda. Skal dei få eit moderne og fleksibelt kraftsystem, må dei investera minst 1,5 billionar dollar fram til 2030. Amerikanarar brukar 4,2 milliard timar i året sitjande fast i trafikken. Det finst knapt pengar for å utbetra vegnettet, ein tredjedel av amerikanske vegar er i ein elendig tilstand. Og internett i USA har ein tiandedel av kapasiteten til Tyskland og Sør-Korea.

Det er umogeleg å koma med sikre overslag over kva den dårlege amerikanske infrastrukturen gjer med den amerikanske økonomien, men det er ikkje usannsynleg at han reduserer den potensielle økonomiske veksten med 1 prosent i året. Få om nokon demokratiske statar i verda løyver nok til infrastruktur, politikk handlar om å prioritera, men 1 prosent over sytti år gjer økonomien halvparten så stor som han elles kunne ha vore.

Det finansielle stupet er i alle høve berre starten på det som må koma om USA ikkje går gjennom store økonomiske reformer, særleg innanfor helse og trygd. Den svært så respekterte økonomen Laurence Koltikoff har rekna ut at USA må auka skattenivået med 64 prosent eller kutta utgiftene med 40 prosent her og no om den offentlege økonomien skal vera berekraftig over tid. Det finansielle stupet reduserer utgiftene med 0,25 prosent og aukar skatte­inntektene med 20 prosent. Diverre reduserer stupet også den framtidige vekstevna, noko Koltikoffs utrekningar ikkje tek omsyn til.

Dei to partia i Kongressen må no setja seg ned og snikra saman ein avtale som både tek omsyn til vekstevna i den samla økonomien og samstundes aukar berekrafta i dei offentlege finansane. Lite tyder på at det kjem til å henda. 

Les meir i Dag og tid