Soppangrep gir juletrekrise

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juletrekrise

Er du på jakt etter vanleg norsk gran som juletre, kan det vera at du i år må ty til andre typar tre.

– For ein del produsentar er situasjonen alvorleg. Nokre har fått store delar av produksjonen øydelagt. Difor blir det nok mangel på vanleg gran i år, seier rådgjevar Gorden Haaland hos Norsk Juletre til Nynorsk pressekontor.

Han synest det er vanskeleg å seia sikkert kor omfattande skadane er, men blant dei som er verst råka, ser han ikkje bort frå at opp mot halvparten av juletreplantasjen kan vera øydelagt.

Små skadegjerarar
Rota til problemet er soppen lokkrust og sjukdommen furuknopp- og greintørke.
– Dette er to kjende skadegjerar, men det er sjeldan dei gjer så stor skade som dei har gjort i år, seier professor Halvor Solheim ved Norsk institutt for skog og landskap.

Sjølv har han ikkje observert så alvorlege angrep på dei snart tretti åra han har kjent til problemet i Noreg. Han meiner den svært fuktige sommaren i fjor er forklaringa på det aggressive soppangrepet i år.

Les også: Jula kostar oss 45 milliardar.

Ubrukelege tre
Ingen av dei to soppane går vanlegvis til åtak på gran, men når dei først gjer det, kan konsekvensane for juletreprodusentane vera fatale. I begge tilfella er det toppen av treet det går ut over. Solheim forklarer at lokkrust-soppen vekslar mellom å gå til åtak på hegg og gran.

– Dersom juletreprodusentane har hegg i nærleiken av plantasjane sine, er det difor mykje større risiko for å få soppangrep, forklarer han.

Soppen angrip gjerne den nyaste toppen av treet. Resultatet er at toppen av treet visnar og krummar seg.

Sjukdommen furuknopp- og greintørke er som namnet tyder på først og fremst knytt til furu. Men soppen kan òg smitta til gran. Typiske symptom er at toppen og den øvre greinkransen tørkar ut.

– Har ein først fått angrep av desse soppane, er produksjonen fullstendig øydelagt. For ein del produsentar er situasjonen difor alvorleg, seier Gorden Haaland.

Han meiner produsentar som har fått smitten ikkje har anna å gjera enn å fella trea og brenna dei.

Les også: Det heiter clementin, ikkje mandarin

Konsekvensar for fleire år
For juletreprodusentane er det ikkje berre juletrea i år, som det har teke seks– sju år å dyrka fram, som blir øydelagde.

– Dette får også konsekvensar framover i tid, seier juletrerådgjevaren. Han peikar på at soppane ikkje berre har gått til angrep på ferdige juletre, men også på yngre tre.

– Det vil difor vera mangel på norsk gran i ein del år framover, slår Haaland fast.

Han har inntrykk av at juletreprodusentar på Austlandet er hardare råka enn Vestlandet, og kanskje spesielt juletreprodusentane i indre delar av Telemark, Vestfold og Buskerud.

Gorden Haaland meiner dette heng saman med at grantrea desse plassane har vore mest mottakelege for smitte når sporane på soppen blei utløyste. Det handlar med andre ord om kva stadium dei nye skota på grana var då treet blei smitta.

– For at å vera mottakeleg for smitte, er soppen nemleg avhengig av å treffa granskota på veg ut på eit visst nivå, forklarer han. Det er forklaringa på at gran ved kysten, der det er eit anna klima, ikkje er like sterkt råka.

Les også: Halvparten kastar julepapiret i feil dunk

Sikrare med edelgran
For juletreprodusentane som er ramma finst det ingen økonomisk kompensasjon. Professor Halvor Solheim avviser likevel at juletreproduksjon er ei spesiell risikofylt næring.

– Alle er klar over at det er ein viss risiko, meiner han. Rådet hans er likevel å tenkja over kor dei planlegg juletreplantasjane og til dømes prøva å unngå å planta juletre ved sida av hegg eller furu.

Eit plaster på såret er det likevel at dei to soppane som i år har øydelagt for mange juletreprodusentar, aldri går til angrep på edelgran som er det vanlegaste juletreet i Noreg.