Norske skular igjen på botnen

I ei ny undersøking av utdanningssystema i 39 land kjem Noreg endå ein gong dårleg ut. Noreg hamnar på 26. plass og er dårlegast i Skandinavia.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga «Economist Intelligence Unit» har teke føre seg fleire forskjellige internasjonale standardiserte prøver som PISA, TIMSS og PIRLS i faga lesing, matematikk og naturfag. I tillegg har ein nytta oversikter over lesekunnige og statistikk om kor mange som fullfører forskjellige typar utdanning.

Ole Kristian Bergem, postdoktor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over resultata. Ein av grunnane er at rankinga baserer seg på både PISA og TIMSS – rangeringar der Noreg alltid har gjort det forholdsvis dårleg.

LES OGSÅ: Når skulen har feil fokus

– Resultata av slike rankingar er avhengig av kva ein legg vekt på. Vi har mange gode kvalitetar i skulesystemet som ikkje blir vekta i denne samanlikninga. Hadde ein til dømes også lagt vekt på engelskkunnskapar eller demokratiforståing, så trur eg vi ville ha kome betre ut, seier Bergem til NRK.

Undersøkinga omfattar utdanningssystemet opp til universitets- og høgskuleutdanninga i 39 land og éin region (Hong Kong).

Som så ofte før toppar Finland lista, mens Sør-Korea hamnar på andreplass og Hong Kong på tredje.

LES OGSÅ: Utdanning viktigare enn olje

Blant dei skandinaviske landa, forutan Finland, hamnar Danmark på 12. plass og Sverige på 21. plass. (©NPK)

Kva meiner du bør endrast med den norske skulen?