Draumen om å vere sin eigen sjef er høgast blant dei yngre.

mm

I ei undersøking utført av Sentio Research for Danske Bank, svarer 26 prosent ja på spørsmålet om dei kan tenkja seg å starte eiga verksemd.

Draumen om å vere sin eigen sjef er høgast blant dei yngre.

– I gruppa under 40 år er delen over 40 prosent. Det er eit høgt tal, seier Beint R. Eidem, leiar for bedriftsmarknaden i Danske Bank til Newswire.

Blant folk som har passert 50 år kan berre 13 prosent tenkja seg å bli gründer. Frå 60 år krympar delen til åtte prosent. Ønskjet om å starte eige føretak er dessutan noko høgare blant menn enn blant kvinner.

LES OGSÅ: Her er gründertipsa frå felespelaren som starta oljeeventyr

Fleire bedrifter
Samstundes viser nye tal frå Brønnøysundregistera at talet på faktiske bedriftsetableringar er på veg opp. Ifjor blei det etablert 28.070 nye foretak.

I år blir det betydeleg fleire. Allereie ved utgangen av oktober var det registrert 31.137 nye bedrifter. Det plasserer Noreg i verdstoppen når det gjeld bedriftsetableringar.

LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift

Sin eigen sjef
– Draumen om å starta eigen bedrift hengjer ofte saman med ønskjet om å vera sin eigen sjef og bestemma over eigen arbeidsdag, seier Ole I. Iversen, førsteamanuensis ved Handelshøgskolen BI og partnar i organisasjons- og leiarutviklingsfirmaet Assessit AS til Newswire.

Han meiner gründerane blir kjenneteikna av at dei er ambisiøse og målretta, og villige til å ta den risikoen som høyrer med. Legninga for administrasjon og struktur kan derimot vere meir varierande.

– Ein kan ikkje lukka augo for at fakturering, rekneskap, rapportering, skatt og moms òg er ein del av kvardagen. Målretta salsarbeid er dessutan viktig. Då skal ein helst vere litt omgjengeleg og god til å kommunisera. Det er mykje som må vera på plass for at ein god idé òg skal bli lønsam.

Tal frå SSB viser at berre tre av ti selskap overlever dei første 5 åra.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE