– Uansvarleg å venta til 2020

Mandag startar klimatoppmøtet i Doha. Ein ny FN-rapport viser at verdas klimautslepp må kuttast med 14 prosent før 2020 for å nå 2-gradersmålet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På forrige klimatoppmøte i Durban blei verdas leiarar samde om å forhandla fram ein ny klimaavtale som skal tre i kraft i 2020. 

Mellom dei som er på plass i Doha i Qatar er ungdomsorganisasjonen Spire.

– Å venta med klimahandling til 2020 meiner me er uansvarleg. I Doha må verdas leiarar sameinast om vidareføring av Kyoto-avtalen, slik at den andre perioden for utsleppsforpliktingane kan tre i kraft neste år. I tillegg må rike land leggja høhare utsleppskutt og midlar til klimafinansiering på bordet. Krava våre er ikkje idealistiske, dei er realistiske. Realisme er å ta klimavitskapen på alvor, seier Kine Gjerstad Eide, ungdomsrepresentant for Spire – Utviklingsfondets ungdomsorganisasjon.

Rett før helga la FNs miljøprogram fram ein ny rapport som slår fast at målet om maksimalt to graders oppvarming blir fjernare og fjernare: Skal ein nå dette må verdas klimagassutslepp i 2020 vera 14 prosent lågare enn i dag. Viss ikkje vil den gjennomsnittlege temperaturauken bli på meir enn to grader over før-industrielt nivå. Dermed vil òg klimaøydeleggingane bli endå større.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

Fattige blir ramma hardast
Klimaendringar rammar ei rekkje land verda over allereie i dag. Dei som har bidratt minst, er dei som blir ramma hardast. Derfor krev Spire ein global avtale som tar vare på verdas fattigaste og som sikrar dei rett til å leva i ei klima-trygg verd der dei kan skaffa mat, vatn og skulegang no og i framtida.

– Noreg og verdas rike har ansvar for å redusera utsleppa våre, samtidig som me sikrar at verdas fattige får tilgang på midlar til klimatilpassing og utsleppsreduksjon. Me veit nok om dei forferdelege konsekvensane klimaendringar fører med seg og nok om kva me må gjera for å forhindra dei. Dess seinare me begynner å redusera dei globale utsleppa, dess verre blir konsekvensane, spesielt for verdas fattigaste. Det er uansvarleg at verdas leiarar overlater tryggleiken og velferden til dagens unge til sine politiske etterfølgarar, i staden for å ta den på alvor i dag sjølv, seier Eide. 

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR KLIMA!