Nordmenn flyr mest i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå EUs statistikkbyrå Eurostat viser at innanlands og internasjonal trafikk knytt til Noreg i fjor var meir enn dobbelt så stor som for Sverige per innbyggjar. Han var 40 prosent høgare enn for Danmark, skriv Aftenposten.

Tala frå Eurostat viser summen av talet på passasjerar på innanlandsruter og talet på passasjerar inn og ut av landet. For Noreg vart dette 32 millionar passasjerar i fjor. Det er meir enn Sveriges knapt 30 millionar passasjerar.

– Det er naturgitt at vi ligg så høgt på den nasjonale lista. Vi har eit langstrakt land med vanskeleg topografi og mangel på alternative reisemåtar. Det tar lang tid å køyre og tog er ikkje nok utbygd til å konkurrere med flya, seier reiselivsforskar Jon Martin Denstadli ved Transportøkonomisk Institutt.

I tillegg har nordmenn berre fått betre og betre råd dei siste åra, i motsetning til folk i andre europeiske land.

Noreg vart berre slått av tre små øystatar med svært låge innbyggjartal. Øyane Kypros og Malta toppar statistikken. Dei har stor turisme, og nesten alle turistane kjem med fly. Island tar tredjeplassen på lista.

I fjor vart det gjort 14,6 millionar enkeltreiser innanlands. Det er dobbelt så mange som i Sverige, og det er berre 7 millionar enkeltreiser bak Storbritannia med meir enn tolv gonger så mange innbyggjarar. (©NPK)