Folka bak Kon-Tiki og Max Manus har sikra seg rettane til «Hard er mitt lands lov».

mm

– Me har alltid drøymt om å laga ein vikingfilm, seier Joachim Rønning til nrk.no. Saman med Espen Sandberg utgjer han duoen bak suksessfilmane Max Manus og Kon-Tiki. No har dei søkt Norsk filminstitutt om stipend, men har enno ikkje fått svar.

Regissørane har har vist interesse for boka «Hard er mitt lands lov», og har sikra seg opsjon på filmrettane til denne. Boka av Tore Kvæven kom ut på Samlaget i fjor, og er nettopp selt til Tsjekkia og Danmark.

– Det er ei heilt fantastisk bok, men om me vil byggja på denne historia ålene er ikkje heilt avklart, seier Rønning til nrk.no. Boka fekk strålande meldingar då den kom ut i fjor.

PRØV DEG PÅ BOK-BLIR-FILM-QUIZEN!

«Hard er mitt lands lov» skildrar ei vill havferd med det norske skipet «Havjerven». Det ligg til havn i Roma og høvdingen blir drept i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Han tar høvdingtittelen og lokkar mannskapet med på ei farlig ferd lags kysten av Afrika og opp Kongo-elva.

– Eg krysser fingrane for at det blir film av boka mi, seier Tore Kværven til nrk.no.

Og om han kunne velja skodespelar frå øvste hylle, så ville han velja Russel Crowe.

LES OGSÅ: Vikingar i tjukkaste Afrika

Illustrasjon frå boka

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE