19 ungdomspolitikarar frå heile landet fekk høyra om Eidesvik Offshore, Wärtsilä og Maritime CleanTech West.

Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt
Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt

Med i reisefølgjet var også representantar for arrangørane av ungdomskonferansen, Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland, Norges rederiforbund og YoungShip. Solveig Røkenes er dagleg leiar i Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland. Ho fortel at fleire av dei vitjande kan kome til å bli framtidas stortingspolitikarar. Då er det viktig at dei tidleg blir kjente med ei maritim næring som omset for 126 milliardar kroner i året.

Fekk dekka reisa
Invitasjonane gjekk ut til alle ungdomspartia sentralt. Det vart opplyst om at opplegget ville bli dekka økonomisk av arrangørane. 19 ungdomspolitikarar valde altså å melda seg på. Senterungdommen og Unge Høgre var sterkt representerte med seks representantar kvar. AUF hadde tre påmelde, FpU to, medan Unge Venstre og Kristeleg folkeparti var representerte med ein kvar. Programmet starta tysdag føremiddag hos Solstad Offshore. Her fekk dei unge vita meir om Solstad Green Operations og om softwareselskapet UniSea si bygging av ei virtuell klynge.

Redningsøving
Seinare på dagen fekk ungdomspolitikarane bli betre kjente med Technip og DeepOcean. Det vart også ei vitjing i simulatorsenteret til Simsea. Som om ikkje dette var nok var det i programmet lagt inn redningsøving med Redningsselskapet om bord på RS «Bergen Kreds» og bedriftsvitjing hos Knutsen OAS. Hos sistnemnte vart det omsyning i det nye teknologisenteret, før dagen vart avslutta med middag (teksten held fram under biletet).

Frå Akselsen til Eidesvik
Onsdagen starta med frukostseminar hos Sjøfartsdirektoratet. Her møtte dei sjøfartsdirektør Olav Akselsen, seniorrådgjevar Simon Næsse og seniorrådgjevar Karin M. Vedøy. Deretter gjekk turen til Langevåg og Eidesvik Offshore. Ungdomspolitikarane var dei første som fekk testa ut den splitter nye kantina til reiarlaget i Langevåg. Der vart det servert god lunsj. Sidan gjekk turen ned til Langevåg bygdatun der ordførar Odd Harald Hovland tok imot dei. Han ønskte alle velkomne og heldt ei orientering om kommunen.

Styrking av skulane
Erling Lodden var nestemann ut. Personaldirektøren i Eidesvik Offshore fortalde om reiarlaget og pionérsatsingane på LNG-gass og brenselselleteknologi.

– De som blir våre framtidspolitikarar treng å vera tett på næringslivet og få ei forståing for kva konsekvensar dei beslutningane de fattar fører med seg, sa Lodden. Personaldirektøren la naturleg nok vekt på rekruttering og utdanning i sitt føredrag. Han etterlyste ei aktiv haldning til korleis strukturen i den maritime utdanninga kan utviklast i positiv retning. I dag utdannast det for få offiserar. Utdanningsinstitusjonane må styrkast, poengterte han. Lodden håpte ungdomspolitikarane såg at maritim næring er ein viktig del av norsk næringsliv.

Ingen kosetur
Orienteringar frå Hege Økland i Maritime CleanTech West og personaldirektør i Wärtsilä, Geir Ove Sele, avslutta to innhaldsrike dagar for dei unge. Økland snakka mykje om verdien av samarbeid i den maritime klynga, medan Sele snakka om rammevilkåra til norsk verftsindustri.

– Det har vore tett program, og absolutt ikkje nokon kosetur. Dette er første gong me har hatt ei slik tilskiping. For oss er det viktig at ungdomspolitikarane får ei forståing for ringverknadene av avgjerder som blir fatta med omsyn til rammevilkåra for denne næringa, seier Røkenes.

Viktig lærdom
Marit Nerås Krogsæter i Senterungdommen seier ungdomspolitikarsamlinga har vore interessant.

– Dette er ei svært viktig næring for Vestlandet, Då er det nyttig å få meir kunnskap om ein bransje som mange gjerne ikkje veit så mykje om. Ikkje minst gjeld det dei som kjem frå innlandet, seier ho. Lodden er på sin side glad for at Maritimt Forum, rederiforbundet og YoungShip har teke dette initiativet.

– Det er kjempebra! Og det er positivt at dei som skal fatte avgjerder i framtida syner interesse for å læra om den petromaritime industrien.

Personaldirektør Erling Lodden i Eidesvik Offshore seier her til forsamlinga at han ser føre seg større gjennomtrekk av arbeidskraft i maritim sektor i framtida. Samstundes peiker han på gode høve til å gjera karriere i reiarlaget.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE