– Lurt av politikarane
Ørsta ungdomsråd meiner kommunestyret har ført dei bak lyset. Vedtaket om å starte opp att helsestasjonen for ungdom har ikkje vorte gjennomført.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Politikarane med makta i Ørsta har lurt oss!
Det meiner Ørsta ungdomsråd. Dei viser til vedtaket om at helsestasjonen for ungdom i år skulle startast opp att.
LES OGSÅ: Her får dei tilbake helsestasjonen
– No er det snart eit nytt år og igjen ting har skjedd. Vi kan ikkje stole på politikarane, meiner ungdomsrådet.
Dei viser til vedtaket frå fleirtalskoalisjonen i kommunestyret, og budsjettvedtaket før jul i fjor, då Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre samla seg om m.a. å gjenninnføre helsestasjonen for ungdom.– Det vart sett av ein halv million kroner til helsestasjonen, men framleis er det ikkje etablert nokon helsestasjon for vår gruppe. Det er svært beklageleg, meiner leiar Jonas Bjørneset i ungdomsrådet.
Viktigaste saka
Saka om helsestasjon er Ørsta ungdomsråd si viktigaste sak for tida. Ungdommane minner om kvifor dette lovpålagde tilbodet er viktig:
– Dette er eit lågterskeltilbod som mange synest er enkelt å oppsøkje. Å gå til fastlegen, som kanskje er den same som foreldra våre nyttar, sit langt inne viss ein skal ta opp tema som t.d. prevensjon, kjønnssjukdommar og psykisk helse, meiner ungdommane.
Dei peikar på at tilsette på helsestasjonen har spesialkompetanse innan ungdomsproblematikk.
LES OGSÅ: Fleire tusen unge manglar helsestasjon
Nyttar Volda
– Dei unge frå Ørsta som går vidaregåande skule i Volda har høve til å oppsøkje helsestasjonen for unge der, og det er det fleire som gjer. Men kva med den store gruppa i Ørsta som ikkje har tilbod i det heile? Tenk dersom ein ungdom t.d. har sjølvmordstankar eller opplever mobbing–og vedkomande føler han ikkje har nokon å snakke med dette om. Veit politikarane noko om eventuelle alvorlege konsekvensar?
– Lytt
Ørsta ungdomsråd ber politikarane ta ungdommen i kommunen på alvor og lytte til utspela.
– Vi er ei stor og viktig gruppe, og Ørsta si framtid. Ta oss på alvor og gje oss dei tilboda vi fortener, oppmodar Ørsta ungdomsråd.
Ørsta ungdomsråd krev oppretting av helsestasjon for ungdom. Frå venstre Malin Vartdal (Volda Vgs), Lene Flataker (Volda vgs.), Bjørn Olav Overå (Ørsta Vgs),Anna Holen Bjørdal (Ørsta ungd.skule), Robin Dahl Leknes (Ørsta Vgs), Jonas Bjørneset (Volda Vgs.),Magnus Myrene Stokke(Ørsta Vgs), Sigve Strand (Ørsta ungd.skule), Lisa Marie Follestad (Sæbø skule) og Stian Angus Berg (Sæbø skule). Representantar som var fråverande på møtet var Hildegunn Brandal (Vartdal skule), Birk Kjærbech (Vartdal skule) og Tove Halse Digernes (politikarrep.). Foto: Roy-Arne Folkestad