Marius Holm meiner kampen mot klimaendringane er prega av hastverk, alvor og optimisme. Måndag opna han Zerokonferansen.

NPK-NTB/Framtid.no
NPK-NTB/Framtid.no

– Det ser stygt ut, men det er ein liten revolusjon i det stille når det gjeld fornybar energi og elbilar. Endringar er i ferd med å skje, og det gir grunn til optimisme, seier leiaren i miljøstiftinga Zero, Marius Holm til NTB.

Han viser til at ny teknologi i transport og kraftindustri er det aller viktigaste for å kutte utsleppa av klimaskadelege gassar som CO2.

Dessutan er solenergi i ferd med å bli ei konkurransedyktig energikjelde, forklarar Holm.

FØLG KONFERANSEN PÅ NETT-TV!

– Eg trur ikkje oljenoreg er klar over kva dynamikk som er i ferd med å oppstå her, seier han.

Samtidig kviler alvoret tungt over konferansen. Ny forsking som skal leggjast fram underbyggjer alvoret i klimatrusselen, og forhandlingane om ein ny global klimaavtale står i stampe.

FNs tidlegare generalsekretær Kofi Annan er hovudtalar på konferansen i år.

Prøv deg på den store klimaquizen!

Marius Holm brukte talen sin på Zerokonferansen til å setje søkelys på korleis vi forvaltar den felles formuen vår. Staten sin pensjonsfond utland er verdas største av sitt slag med snautt 4000 milliardar kroner i investeringskapital. Nesten 250 milliardar er investert i kull, olje- og gasselskap. Dette får Holm til å spørje om vi veddar mot vår eigen klimapolitikk:

– Majoriteten av verda si kjende karbonreservar må bli liggjande i bakken viss vi skal kome i mål med 2-gradersmålet. Konsekvensen er at verdet av aksjane våre i kull, olje- og gasselskap fall når vi vedtek god klimapolitikk.

Stor marknad
Holm viser til at Europa treng rekordhøge investeringar i infrastruktur til fornybar energi. Han meiner pengane vil gjere betre nytte for seg der, i tillegg til at det reduserer Noregs samla eksponering mot prisen på Co2.

– Europa treng 500 milliardar kroner i årlege investeringar i infrastruktur til fornybar energiproduksjon. Dette er eit stort marknad for sikre investeringar i dei gode klimaløysingane, seier Holm.

Han lanserte Zeros Finansinitiativ for korleis vi skal forvalte den felles formuen vår.

– La oss selje investeringane i fossile energiaksjar og investere i det vi trur på, i dei løysingane som skal hjelpe oss å hindre global oppvarming, avslutta Holm.

Følg Zerokonferansen på Twitter:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE