Gror planter i verdsrommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit eksperiment kan ta årevis med planlegging, og bare eit par dagar å utføre på romstasjonen, seier forskar Carina Helle Berg ved Senter for tverrfaglig forsking i rommet (CIRiS).

I ein bortgøymt kjellar i bygget til NTNU Samfunnsforskning er det eit romeventyr. CIRiS har sitt eige kontrollrom, der dei har direkte kontakt med den internasjonale romstasjonen ISS. Prosjektet blir kalla The Norwegian User Support and Operations Centre (N-USOC), og Berg er prosjektleiar.

Planteliv i rommet
I kontrollrommet finn ein ei mengd skjermar med innhald uforståeleg for den uinnvidde. I taket skin små lamper i ein eigen kunstig stjernehimmel.

– Kontrollrommet vårt har kontroll over to maskiner om bord på romstasjonen. Éin overvaker skipstrafikk over heile verda, og er eit samarbeid med Forsvarets Forskningsinstitutt. Den andre maskina kontrollerer det vi kallar ”drivhuset”, som er ein dyrkingsmodul for biologiske eksperiment, seier Berg.

I drivhuset dyrkar dei fram planter på romstasjonen. Frå maskinene i kontrollrommet på Dragvoll har dei oversynet og kontroll over råmen til behaldarane, luftinntak og levevilkåra til plantene.

– Vi tek bilete og følgjer vekstprosessen til plantene. Blant anna har vi sett på der godt ein vårskrinneblom og linsefrø veks når dei blir påverka av ulike gravitasjonskrefter, seier Berg.

LES FLEIRE SAKER FRÅ VERDSROMMET HER!

Internasjonalt samarbeid
N-USOC samarbeider med forskarar frå heile verda. Tidlegare prosjekt har hatt tilknyting til Spania, Frankrike, Japan og Noreg. Før eksperimenta blir testa i rommet, blir dei nøyet gjennomgått på Dragvoll først. Der har dei ein kopi av eksperimentbehaldaren som finst på romstasjonen.

– Under testprosessen samarbeider vi med forskarane bak eksperimenta, men vi tek oss av planlegging, koordinering med NASA og førebuingar. Det er dyrt å sende ting opp til ISS. Difor er det viktig at eksperimentet blir ein suksess når det først utførast der, seier Berg.

Integration and operation manager Brit-Eli Danielsen er ein av dei som brukar arbeidsdagane i kontrollrommet. Ho forstår at jobben kan virke fascinerande.

– Det er ein spennande jobb, og spesielt sidan det er eit stort internasjonalt prosjekt. Det er ei viss kulheitsfaktor i det å ha direkte kontroll over det som føregår oppe på romstasjonen, seier Danielsen.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Stramt tidsskjema
Ein av skjermane sender direktebilete frå romstasjonen. Ei dame i shorts svevar vektlaust rundt, medan ho skrur på science fiction-aktige instrument. På ein annan skjerm har forskarane full kontroll over arbeidsoppgåvene og rutinane til astronautane. Sjølv søvn og middagsrutinar står nøyaktig oppført for kvar enkelt. Dei slepp ikkje unna jordbuaranes overvaka auge.

– NASA og ESA samarbeider for å få tidsskjemaa til astronautane på plass. Sjølvsagt skjer det endringane i løpet av dagen, men desse må godkjennast av alle partar, seier Danielsen.

I kjellarrommet testar og utviklar N-USOC forsking som kan vere revolusjonerande på romfartsfronten. Høva for å dyrke mat på ein framtidig romreise vil kome godt med.

– Mesteparten av tida går på å planleggje eksperimenta, såg når dei går bra er det verda alt strevet, seier Danielsen.

LES SAKA I DUSKEN.NO!