Dataspel skal vekkje realfagsinteresse

Eit nytt online strategispel skal auke interessa blant norsk ungdom for naturvitskaplege og teknologiske utdanningar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dataspel som oljestrategi

Norsk olje- og gassindustri og resten av norsk arbeidsliv vil ha behov for fleire tusen nye tilsette i åra som kjem, og då spesielt menneske med teknologiske og naturvitskaplege utdanningar. Samtidig er det altfor få unge som vel å utdanne seg innanfor desse fagområda.

Norsk olje og gass (tidlegare OLF – Oljeindustriens Landsforening) lanser no spelet «Jakten på dypet» for å auke interessa for næringa.

Les også: Forskarar ved Sintef vil lage drivstoff av uvêret.

Spelet, som primært er retta mot ungdom mellom 16 og 19 år, er utforma som eit monopolspel med norsk sokkel som spelbrett, og der målet er å finne og utvinne olje og gass.

Les også: Senterungdommen stemte mot oljeboring i Lofoten

Utdanningspremie
Spelaren som i speleperioden på ein månad finn og utvinn mest olje og gass, vinn ei treårig bachelorutdanning innan tekniske- og naturvitskapelege fag. Ein premie med verdi på 300.000 kroner.

Spelet er utvikla av byrået Try/Apt på oppdrag frå Norsk olje og gass, og er utforma i tett samarbeid med ungdom i målgruppa. Spelet vil også etter konkurranseperioden vere tilgjengeleg for dei som ønskjer å bruke det til å lære meir om olje- og gassnæringa, for eksempel i skule- og undervisningssamanheng. 

Les også: Headhuntar studentar til oljebransjen  Oljeselskapa manglar tusenvis av folk