Bygdeungdom i vinden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år har Noregs Bygdeungdomslag ei aksjonsveke med ekstra mykje aktivitet. Bygdeungdommen på Voss hadde ein «flying start» på veka i vindtunnelen på Tvildemoen.

– Me storkosa oss i vindtunnelen. Alle bortsett frå ein pysete leiar flaug, flirer leiaren i Voss Bygdeungdomslag, Alvhild Pettersen.

Planen vidare for veka er mellom anna ei spekemattevling på Amfi og eksteriørbedømming av sau, før dei avsluttar veka med smalahovefest i Grimshall.

– Det vert ei veke med mykje fart og moro. Me oppmodar alle til å koma å sjå på oss på Amfi på onsdag, då me skal tevla om å laga det mest innbydande spekefatet, seier Pettersen.

Les saka i Avisa Hordaland!