Mange ungdomskandidatar vil på Stortinget. Over heile landet kjempar AUF no for sikre plassar. 

– Vi må syrgje for at AUF-arar ikkje vert skvisa frå sikre plassar, men tvert i mot vert ynskja velkomne som ein viktig ressurs, uttala leiar Eskil Pedersen til NRK. Sjølv kjempar han mot fylkesvaraordførar Christian Tonning Bjørnø om sikker plass på Arbeidarpartilista i Telemark.  

Også i Oppland, Rogaland, Troms og Oslo, ligg det an til kamp om dei sikre plassane.

LES OGSÅ: – Grå menn i dress gjev ikkje best politikk

Vil tenkje nytt
– Det verkar som om fleire peikar på meg som ein god kandidat for å tenkje nytt og for å snakke om litt andre ting enn det vi har gjort tidligare i Arbeidarpartiet i Rogaland, sa Torstein Tvedt Solberg til NRK. 29-åringen jobbar i dag som politisk rådgjevar for næringsminister Trond Giske, og kjempar mot Frode Berge om andreplassen på lista.

I Oppland kjempar Utøya-overlevande og møtande stortingsvara Stine Renate Håheim om tredjeplassen. I Troms er tidligare AUF-leiar og politisk rådgjevar i Arbeidsdepartementet Martin Henriksen, favoritt til å stå på fyrsteplass på Arbeidarpartilista. Men nominasjonskomiteen er delt. I Oslo er Prableen Kaur og Vegard Wennesland ungdomskandidatane AUF vil kjempe for.

Alle stortingslistene må vera klare innan utgangen av mars.  

LES OGSÅ: AUF vil gi stemmerett til 16-åringar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE