Lei av EU

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historie er bra nok det, men det kan av og til verta for mykje, historie gjer noko med hovuda til folk. Ein medlem av parlamentet, ein MP, som dei vert kalla her borte, har sendt ut ein av assistentane for å gje meg ei spesialomvising i Parlamentet.

– Du kjenner til Henrik 8., spør Tom.

Eg gjer då det, jamvel om eg aldri heilt lika Tudor-serien på NRK. Vi står i normannarkatedralen som vart bygd i 1097. I golvet er det støypt ned minneplater over ulike historiske kjendisar som har vorte dømde til døden her. Eg står på plata Thomas More, «det største geniet i Englands soge», som Erasmus kalla han. Han vart dømd til å verta dregen til avrettarstaden av ein hest, for så å verta hengd, halshoggen og partert i fire bitar. Henrik var snill nok til å redusera straffa til berre halshogging.

– Det er elles forbod mot å døy i kyrkja, fortel Tom.

– Ingen vart avretta her. Og om nokon til dømes får hjarteinfarkt her inne, må vaktene få vedkomande ut så fort råd er.

Henrik hadde aldri særleg vyrdnad for kyrkjeromet.

– Då han var ung, pla han spela tennis her inne. For ei tid attende fann dei ein av tennisballane hans oppunder ein av raftane.

Ordet raft gjev meg litt mindre mindreverdskjensle. Raft kjem av det norrøne ordet raptr; vi har vore her, vi òg.

Men no vil ikkje britane ha oss her lenger, korkje saks­arar, normannarar eller frankarar. På nytt har Europa vorte det store politisk spørsmålet i Storbritannia. Engelskmennene har aldri heilt lika alle desse som har pressa på utanfrå, alle desse som ikkje har sett at det er dei som må underordna seg England og ikkje England dei. Og det største trugsmålet av dei alle har heilt sidan Henrik og dotter hans Elisabeth vore eit samla Europa, for eit samla Europa er eit Europa som kan kua England. Englands politikk er splitt og hersk, eller meir godhjarta: Englands politikk er maktbalanse.

LES OGSÅ: Nobelpris gav medlemsboom

Palmerstone og Churchill
Dåverande utanriksminister, den seinare statsministeren lord Palmerstone sa det slik i 1848: «Det er dårleg politikk å gå ut ifrå at dette eller dette landet har vorte peika ut til Englands evige allierte eller permanente fiende. Vi har ingen evige allierte, og vi har ingen permanente fiendar. Det er interessene våre som er evige og permanente.»

Utanfor Parlamentet står ein svær statue av Winston Spencer Churchill, etterkomarane av den største krigsherren av dei alle, John Churchill, som aldri tapte eit slag på kontinentet. WSC pakka i 1921 det heile inn i meir høgverdige termar. For England har ikkje «interesser», England har moral. Han skildra Englands politikk før 1914 og, for den del, det som òg vart politikken før 1939: «Ved tre ulike høve i tre ulike hundreår hadde det britiske folket berga Europa frå ei dominerande militær makt. Tre gonger vart Nederlanda overfalne av Spania, av det franske monarkiet, av det franske imperiet. Tre gonger hadde britisk krig og politikk – ofte gjennomførd på eiga hand – overmanna angriparen.»

– Ja, vi har nok for mykje historie, seier Charles Grant og okkar seg over at det meste tyder på at etter neste val skal britane få røysta over EU-medlemskapen.

Statsminister David Cameron har gjeve etter for presset frå høgresida i Det konservative partiet.

Grant er leiar for Centre for European Reform, ein uavheng­ig, men EU-venleg forskingsinstitusjon her i London. Eg har vorte tilrådd å tala med han av fleire i The Economist. Han er visst det store britiske flogvitet om EU.

– Når det er sagt, det er framleis ikkje sikkert at det vert ei folkerøysting, men eg trur det.

Høgresida til Tory-partiet er kanskje ikkje ein særleg sympatisk gjeng, men det er ingen grunn til å leggja skjul på at i euro-spørsmålet fekk dei rett: Dei sa det kom til å verta ein kata­strofe, og ein katastrofe vart det. Grant er samd.

– Eurokrisa har vorte handtert på ein tragisk måte av EU. Og det verste for altfor mange britar er at dette ser ut til å føra til eit endå meir integrert EU, og det på heilt andre område enn det britane trudde dei skulle verta ein del av då dei gjekk inn i 1973 og stadfeste ved folkerøystinga i 1975.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Cameron har gjeve opp
Dette i sin tur har fått regjeringa meir eller mindre til å gje opp EU. Ja, Cameron ynskjer framleis at Storbritannia skal vera ein del av den felles marknaden i EU, men han veit at han er utan støtte i sitt eige parti om han freistar å koma EU-systemet i møte. Cameron sit i skorfestet.

– Sjølv om det har vore mykje vi har mislika med EU, har strategien vår alltid vore å vera i romet, å taka del i alle tingingar for slik å stogga det vi ikkje likar, og for å forma det vi likar betre til vår føremon. Men sidan desember i fjor, då Storbritannia gjekk mot finanspakta og vart ståande åleine, har filosofien vore at vi ikkje skal vera i romet i tilfelle nokon vil ha pengar eller gjera noko som kan underminera sjølvstendet vårt.

Og dette meiner Grant er noko heilt nytt i britisk historie.

LES HEILE SAKA I DAG OG TID!