Medan turismen i Noreg under eitt var meir eller mindre på staden kvil, auka turismen i Møre og Romsdal med nesten 6 prosent første halvåret i år.

NPK
NPK

I perioden januar-august i år auka talet på overnattingar på landsbasis med 1,2 prosent, medan det i Møre og Romsdal vaks med 5,9 prosent i perioden. Årsaka til turistveksten er fleire norske overnattingsgjester, ifølgje fylkeskommunen.

– Dette er nok ikkje tilfeldig. Nordmenn har fått auga opp for vårt fylke. Møre og Romsdal Reiseliv har i fleire år køyrt ein ganske tung noregskampanje for å få nettopp nordmenn til å velje Møre og Romsdal som destinasjon når dei ferierer innanlands, seier rådgjevar Lillian Sæther Sørheim i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal har fleire turistmål å by på, mellom dei Geiranger, Trollstigen og Atlanterhavsvegen. Tidlegare i år kåra dessutan CNN Håholmen på Averøy til eitt av dei ti beste hemmelege reisemåla i verda.

Talet på utanlandske overnattingar gjekk svakt tilbake i same perioden, med minus 0,5 prosent. Overnattingar frå til dømes Spania, som no er sterkt råka av finanskrisa, gjekk tilbake med 35 prosent, ifølgje fylkeskommunen. (©NPK)

ARE KALVØ: Norway, so much to see!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE