Droppar verdas viktigaste val

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist presidentval i USA var det rekorddeltaking. Ikkje sidan 18-åringane fekk stemmerett i 1972 har valdeltakinga vore høgare. Likevel var det 82 millionar amerikanarar som ikkje brukte stemmeretten sin. Det gav ei valdeltaking på 56,8 prosent av alle over 18 år.

Blir det rekorddeltaking igjen, er det også større sannsyn for at Barack Obama blir attvald som president. Av dei som ikkje har tenkt til å stemma, er det nemleg 59 prosent som likar Barack Obama best. Berre 24 prosent likar Mitt Romney, ifølgje ei undersøking Pew Research har gjort.

Det er difor ikkje overraskande at president Obama har brukt mykje tid den siste tida på å fortelja kor viktig det er at folk bruker stemmeretten sin.

LES OGSÅ: Får sjokk om Romney vinn valet

Unge, fattige og latinos
Unge under 30 år er dei som i minst grad deltek i presidentvalet. Under 30 prosent av alle under 30 år seier dei kjem til å stemma.

Over halvparten av dei som ikkje har tenkt til å stemma har ei hushaldsinntekt på mindre enn 30.000 dollar. Dei har òg den lågaste utdanninga, og er i større grad spansktalande. Av befolkninga over 18 år, er det 12 prosent spansktalande. Men av dei som ikkje har tenkt til å stemma utgjer dei 21 prosent.

Samanlikna med dei som kjem til å stemma, er dei som ikkje har tenkt til å stemma i større grad for helselova til Obama, auka skattar for dei velståande, og tilbaketrekking frå Afghanistan. Dei er òg i mindre grad mot at lesbiske og homofile skal få gifta seg, og vil i større grad unngå militær konflikt med Iran.

LES OGSÅ: Siste sjanse for republikanarane

Ein fjerdedel er ikkje registrerte
Av dei nær 231 millionar innbyggjarane som var over 18 år i 2008, var det berre vel 213.000 millionar som hadde stemmerett, og berre 187 millionar som hadde registert seg for å kunne stemma. Mellom dei utan stemmerett var det over 3,1 millionar amerikanarar som anten sat i fengsel eller var prøvelauslatne, ifølgje ei undersøking frå George Mason-universitetet. I enkelte statar, som vippestaten Virginia, mistar straffedømte retten til å stemma på livstid.

I årets val er det heile ein fjerdedel av dei med stemmerett som ikkje er registerte, ifølgje PewStates.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?