Fekk draumedag i lufta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lenge drøymt om å bli pilot, og har alltid elska å fly, seier ho.

Unikt innblikk
Med god hjelp frå familie og Widerøe fekk ho som første elev på utplassering oppleva draumejobben frå innsida.

På eit klappsete i cockpiten, mellom kaptein og styrmann fekk ho onsdag følgja flyginga frå Haukåsen på første rad.

Skreiv brev
Det var stefar, Paul Olaf Baraas, som kontakta flyselskapet om utplasseringa.

– Eg skreiv eit kort brev der eg beskreiv Hanne og hennar draum om å bli pilot. Responsen eg fekk attende var god, og då ho fekk den gledelege nyhenda var det berre øyra som stogga smilet frå å gå heilt rundt hovudet, fortel han.

Første gong
Dette er første gong Widerøe har laga eit slikt opplegg for ein skuleelev. Informasjonsansvarleg i Widerøe, Catharina Solli, seier at dei lot seg sjarmera av Hanne.

– Me blei veldig sjarmerte då Hanne kontakta oss. Det er første gong me gjer noko slik, men me håpar det vil motivera henne vidare, og at ho ein dag kjem attende som pilot hjå oss. Me vil gjerne ha ho attende.

Les saka i Sogn Avis!