Åtvarar mot Høgre-samarbeid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bondevik og Haugland har vore partileiarar i KrF. Steensnæs har vore parlamentarisk leiar. Dei tre veteranane meiner at KrF kan bidra til regjeringsskifte, men at partiet helst må unngå å gå inn i ei regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet. Dei rår også Hareide frå å tre inn i ei trepartiregjering med berre Høgre og Venstre, skriv Aftenposten.

Hareide støttar seg på vedtaket til landsstyret om å arbeida aktivt for ei regjering av KrF, Venstre og Høgre, og han har også nesten alle stortingsrepresentantane frå KrF med seg i synet sitt. Det hindrar ikkje dei tre veteranane frå å åtvara mot regjeringssamarbeid.

– Regjeringsdeltaking kan absolutt gje påverknad og politisk gjennomslag. Men små parti i ein koalisjon blir gjerne skyteskive for det som veljarane er misnøgde med. Dei blir i mindre grad kreditert for det som går bra. Det kostar å vera liten i ein koalisjon. Difor er samarbeid og opposisjon frå Stortinget ei mulegheit som bør vurderast nøye, seier Steensnæs.

QUIZ: Kva veit du om KrF?

Hareide opplyser at også Haugland og Bondevik har gjeve han dei same råda som Steensnæs no kjem med, men verken Haugland eller Bondevik ønskjer å kommentera saka. Hareide fortel at han gjerne er open for råd frå veteranar, men i dette tilfellet kjem han ikkje til å følgje rådet.

– Det blir heilt feil å ikkje ha som ambisjon at vi skal inn i regjering. Og viss sentrum skulle bli større enn Frp, ligg det godt til rette for ei regjering av Høgre, KrF og Venstre. Men vi går ikkje inn same kva det kostar. Vi må sikra oss vesentleg gjennomslag, seier Hareide. (©NPK)

Kva meiner du er den beste regjeringa i valet til neste år?