Noregspremiere for ny teatersjanger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teatersjef Arne Nøst er overbevist om at Wolfgang Amadeus Mozart ville vore ein verdskjent artist hadde han levd i dag. Framsyninga Teaterkonsert MOZART presenterer musikken til komponisten med nye tekster og i ulike sjangrar.

Noregspremieren for førestellinga onsdag 7. november er første gong det blir sett opp ein teaterkonsert i Noreg. Det er teatersjef Arne Nøst ved Rogaland Teater som har henta konseptet hit frå Danmark. Han seier det er den største suksessen i dansk teaterverd:

– Teaterkonserten er eit nyskapande fenomen i europeisk teater. Eg ville ha det hit først og fremst på grunn av det kunstnariske. Eg synest publikummet vårt fortener noko nytt, spennande og vitalt. Dei skal forlate førestellinga med kjensla av å ha hatt ei stor oppleving, seier Nøst til NTB.

Nytt konsept
Framsyninga er basert på hittane til meisterkomponisten frå verk som Tryllefløyten, Don Giovanni og Eine kleine nachtmusik. Det er utvikla 30 nye songar og kvar av dei har fått ein nyskriven tekst av den amerikanske rockepoeten Neill Furio frå New York. Det er kostymeskift, skodespel og rollefigurar som går igjen. Men det er ikkje teater, det er ikkje konsert, det er ikkje musikal eller opera. Så kva er eigentleg ein teaterkonsert?

– Dersom du lèt att auga får du ein veldig spennande konsert der musikken til Mozart blir skapt på ny i mange sjangrar. Dersom du i tillegg ser, vil du sjå skodespelarane i kostyme og roller, seier Nøst.

Han meiner forma og uttrykket gjer førestellinga lett tilgjengeleg, her er det ikkje krav om forkunnskapar, berre evna til å sette seg ned og la seg fange:

– Det er ein estetikk à la MTV-generasjonen, som fleire musikkvideoar etter kvarandre.

Sjå ein smakebit under:

Popstjerna Mozart
Oppsetjinga er hovudsatsinga ved Rogaland Teater i haust og Nøst er spesielt nøgd med å presentere henne i Zetlitz-salen i nyopna Stavanger Konserthus.

– Mozart var si tids popstjerne, trur du han ville produsert populærmusikk om han hadde levd i vår tid?

– Det er nok heilt sikkert. Eg trur han ville vore i verdsklasse i eit folkeleg, musikalsk univers. I teaterkonserten får musikken til Mozart kome til uttrykk som pop, rock, country&western, folk og jazz. Eg trur publikum vil få assosiasjonar til andre artistar når dei høyrer dette. Det er mykje arv frå barokken i den melodiøse popen og rocken vi har i dag, seier Nøst.

Han tygg litt på spørsmålet om kva for ein av dagens artistar Mozart ville likna, hadde han levd i dag.

– Han var eksentrisk og produserte masse. Musikken hans opnar for store kjensler og leik. Mange har jo trekt fram Mozart når dei karakteriserer Prince. Men han er blitt samanlikna med mange, til og med Tom Waits og Frank Zappa har lånt av Mozart.

Sjå smakebit frå førestillinga her:

Faktaboks

Fakta om teaterkonsert
*Framsyning der musikken er eit gjennomgåande tema, akkompagnert av tekst, kostyme, koreografi og scenografi.
*Følgjer ingen kronologisk dramaturgi i tradisjonell forstand, slik som ein musikal eller ein opera gjerne gjer.
*Den danske trioen Nicolai Cederholm og brørne Peter og Jens Hellemann er opphavsmenn og laga den første teaterkonserten sin om rockebandet Gasolin i 1994.
*Dei har sidan den gong produsert førestellingar basert på materiale av blant anna The Beatles, The Beach Boys, Bob Dylan og Wolfgang Amadeus Mozart.
*Teaterkonsert MOZART er den første teaterkonserten i verda basert på klassisk musikk og blir sett opp på Rogaland Teater frå 7. november til 5. desember.
*Dette er den første teaterkonserten som blir sett opp i Noreg.
(Kjelde: Rogaland Teater) (©NPK) (©NTB)