Vurderer å privatisere vasskrafta
Både Høgre og Frp vurderer å oppheve heimfallsretten og delprivatisere Statkraft. Dermed kan norsk vasskraft ende på private hender om det vert blåblå regjering neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil selja ut kraftverk
Heimfallsretten er ei ordning som skal hindre at private eigarar får kontroll over vasskrafta i Noreg. Men det motsette kan altså verte tilfelle, skriv Klassekampen.
I førsteutkastet til partiprogrammet til Høgre for den neste stortingsperioden står det at private og kommunale eigarar av vasskraftressursane bør behandlast likt med staten som eigar, og at heimfallsreglane difor må endrast.
– Vi meiner det må vere mogleg for industrielle eigarar og kommunar å eige vasskraftproduksjon i Noreg utan at dette skal tilfalle staten på eit seinare tidspunkt, seier Nikolai Astrup i Høgre.
– I praksis inneber dette å oppheve heimfallsretten, legg han til.
LES OGSÅ: Atomkraft kuttar norsk straumpris
Astrup understrekar at det er ulike synspunkt i partiet om dette, og at det er landsmøtet i mai som kjem til å handsame saka.
Frp ynskjer ei løysing der private aktørar kan eige kraftverka utan at dei går tilbake til staten, men samtidig at staten skal ha forkjøpsrett om kraftverka skal seljast vidare.
– Vi blir skulda for å selje arvesølvet. Det vil vi ikkje. Men regjeringa tek frå industrien ein konkurransefordel. Det meiner vi er ei dårleg løysing, seier Ketil Solvik-Olsen (Frp), nestleiar i finanskomiteen på Stortinget.
Også Statkraft risikerer å verte selt ut dersom høgresida får makta. Både Høgre og Frp har selskapet på lista over dei statlege selskapa dei ynskjer at staten skal selje seg heilt eller delvis ut av. (©NPK)
Kva synest du om forslaget om å ta vekk heimfallsretten?