Revolusjonerer fiskefôret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Treflis skal bli til laks

Professor i husdyrernæring, Margareth Øverland er senterleiar i Aquacultur Protein Centre (APC) på Ås som nå har avslutta eit tiårig prosjekt for å gjera norsk oppdrettsnæring meir berekraftig.

— I løpet av denne perioden har me oppnådd resultat innan proteinforsking som har revolusjonært fiskefôret, seier Øverland.

30 forskarar
Forskaren frå Vindafjord har budd åtte år i USA der ho tok mesteparten av sine studiar. Attende i Noreg i 1990 fullførte ho doktorgraden (1993) ved Universitetet for Miljø og Bioutvitenskap på Ås (tidlegare landbrukshøgskulen).

Denne helga tok ho turen heim til Nedre Vats for å feira mora, som også heiter Margareth, sin 80-årsdag. Dagen før ho sette seg i bilen med kurs mot Haukeli og Vindafjord, deltok professoren på APC-senteret, som ho har leia dei fire siste åra, sin avslutningskonferanse.

LES OGSÅ: Laks i kjempetankar kan true norsk eksport

Bak seg har senteret lagt ti spennande år med eit sterkt tverrfagleg team på rundt 30 forskarar og eit budsjett ca 233 millionar kroner i eit samarbeid med både næring og andre forskingsinstitusjonar, finansiert av Norsges forskingsråd. Resultata har alt gjort seg gjeldande i praksis.

Planteprotein
Tidlegare blei alt fiskefôr laga av fiskolje og fiskemjøl frå ein avgrensa ressurs i havet. For at veksten i den viktige havbruksnæringa skal halda fram på ein berekraftig måte, må oppdrettfisken matast med alternativ fôr til den som kjem frå industrifisk.

— Dette har me fått til. I løpet av perioden har me greidd å redusera det tradisjonelle fôret slik at fiskemjølinnhaldet i fôret er redusert til ned mot ti prosent. Spesielt har me jobba med planteprotein som alternativ til fiskemjøl, fortel Øverland.

Den totale fôrmengda til den sterkt aukande oppdrettsnæring i Noreg utgjer i dag ca 1,2 millionar tonn årleg, og dette gir rundt éin million tonn produsert oppdrettsfisk. Dette betyr at laksen i dag er blitt «nettoprodusent» av fiske ettersom fiskemjølinnhaldet har gått kraftig ned.

— Dermed kan me kalla dette bærekraftig produksjonen, seier Øverland.

Treflis
Nøkkelen for å lukkast er å få laksen til å eta planteprotein.

— Det har me greidd med å få til ulike planteblandingar, utan at det har gått ut over veksten, fôrutnyttinga og helsa til oppdrettslaksen. Dette har vore ei utfordring ettersom fisk i utgangspunktet ikkje er planteetar, seier Øverland.

LES OGSÅ: Fattige fiskarar fryktar norsk laks

I dag et laksen erter, soyabønner og raps. På menyen står også gjærsopp frå restavfall i skogbruket. Forskarane har jakta stadig nye ingrediensar. Blant anna er bakerier, algar og animalske biprodukt interessante kandidatar.

— I det siste har me jobba mot eit nytt konsept med utganspunkt i grantre. Nyare teknologi gjer det mogeleg å omdanna treflis til høgverdige proteinkjelder. Eller for å seia det på ein annan måte; frå tre til filet, seier professoren frå Nedre Vats.

Held fram
APC oppstod som eit resultat av eit initiativ frå tre professorar. Senteret på Ås var eit av 13 forskingsmiljø som kom gjennom nålauga for å vera med i eit senter for avansert forsking med god nok økonomi til å fremja forsking av høg kvalitet.

APC-forskarane har nådd svært langt i å lukkast med sine alternative fôringsmetodar, og sjølv om tiårsperioden nå er over, held arbeidet fram.

LES OGSÅ: Ein sjønasjon med skrekk for fisk

— Det er i perioden bygd opp mykje kompetanse og ein organisasjonsstruktur her på Ås, slik at det er naturleg at dette arbeidet held fram, seier Margareth Øverland.

— Korleis kan resultata overførast til menneskemat?

— Produksjon av laks går ut på å skaffa mat til oss menneske. Når me nå har fått dette til med å bruka andre ressursar enn den som finst i havet, er desse resultata bærekraftige ettersom produksjonen ikkje konkurrerer med menneskemat, seier Margareth Øverland.

LES SAKA I GRANNAR!