Heikki Holmås er bortreist på dagen for Operasjon dagsverk (OD). Difor søkjer Utanriksdepartementet ein som kan vera miniminister 1. november.

mm

Søkjaren må melde seg innan tysdag 30. oktober, skriv Utanriksdepartementet.

Miniministeren blir lova spanande og krevjande oppgåver, og arbeidsdagen blir avslutta med at han får henta stadstråden på Gardermoen og køyra saman med han i regjeringsbilen tilbake til Oslo. I bilen skal miniministeren og utviklingsministeren utveksla erfaringar.

Tidlegare har kunnskapsminister Kristin Halvorsen lyst ut ei stilling som rådgjevar på OD-dagen. Det same har blant anna Barneombodet. Og i Bergen har ordføraren lyst ut ei stilling som ordførar for ein dag.

Operasjon Dagsverk samlar i år inn pengar til kastelause ungdomar i Nepal.

LES OGSÅ: Sterkt møte med Nepal

Her kan du sjå ledige jobbar til Operasjon Dagsverk!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40
ANNONSE