Prisen vi må betale

Det er alltid lett å le av folk som gjer ting dei ikkje har gjort før. Spesielt dersom dei gjer noko som du sjølv kan.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er derfor bønder ler av «Farmen», for eksempel. Eller vi alle synest det er artig med utlendingar som prøver å gå på ski for første gong. Sjølv om det er utlendingane som har rett, naturligvis. Det er å gå på ski som er teitt.

Og det er derfor mange fniser når folk med mykje kulturell og annan kapital går i fakkeltog og roper slagord, noko slike folk vanligvis ikkje gjer. Men denne veka var det nokre hundre av dei som gjekk i fakkeltog i Oslo, for å seie frå om at dei gjerne vil ha nytt Munch-museum i Bjørvika. I fakkeltoget gjekk rike folk som Christian Ringnes, kunstnarar og tidligare popstjerner, og ein god del folk med sjefstitlar i kulturlivet. Fleire av dei gjekk i fakkeltog for første gong. Og dei gjekk med slagord som «Få ut finger’n, bygg Lambda».

Det er lett å le av det, sjølvsagt. Lett å lure på om desse folka veit kva veg ein skal halde ein fakkel. Lett å lure på om dei hadde med au pairen for å bere fakkelen for seg. Om det var nokon av dei som i det heile tatt klarte å rope «Få ut finger’n», eller om dei enda opp med å rope det korrekte med litt mindre rocka «Få ut fingeren».

Det er lett å tenke at folk som tener ein god del pengar ikkje skal sette fyr på trekjeppar, gå i gatene og rope slagord. Slike folk skal sitte heime og telle pengane sine, sånn at dei som vanligvis går i gatene og ropar slagord kan kritisere dei for å aldri engasjere seg i noko.

Og det er lett å smile overberande av at når kultureliten først engasjerer seg og tek til gatene, så er det for å få bygd eit stort og fjongt kulturbygg, ikkje for asylbarnas sak eller spørsmål om krig og fred.

Sjølv om vi alle veit at dersom dei hadde engasjert seg i slike saker, så ville mange av oss også fnyst og tenkt: «Kan du ikkje berre fikse problemet då, du som har både pengar og makt?»

Det er lett å le av dei. Like lett som å seie «Trond Giske bryr seg berre om vennene sine». Like lett som å seie «Utlendingar som ikkje kan gå på ski ser teite ut.»

Det er veldig lett. Men det blir ikkje meir elegant av den grunn. Eg har begynt å jobbe med meg sjølv for å sjå forbi slikt. For eg veit godt at dette ikkje handlar om noko meir avansert enn at det kan vere litt pinlig å sjå på folk som gjer ting dei ikkje kan.

Tenk for eksempel tanter som syng sjølvlaga songar ved store familieanledningar.

Tenk politikarar som fortel vitsar på tv.

Tenk «Farmen.»

Eg jobbar med meg sjølv. Eg seier ikkje at det er lett. Men eg jobbar med meg sjølv.

For uavhengig av kva ein måtte meine om akkurat dette fakkeltoget og akkurat denne saka (Eg har ikkje tenkt å seie noko om saka, det blir berre bråk av slikt. Dessutan er det ingen hast. Vi skal diskutere lokalisering av Munch-museum i åtti år til. Sikkert til stor glede og lettelse for alle som ikkje bur i Oslo), så er eg jo ikkje imot at folk gjer ting dei ikkje vanligvis gjer. Tvert imot. Og eg er heller ikkje imot at folk seier frå om kva dei meiner, sjølv om dei ikkje vanligvis gjer det. Igjen: Tvert imot. Verkelig tvert imot. Er det noko vi ikkje treng meir av, er det fleire av meiningane til alle oss som seier kva vi meiner om alt heile tida.

Derfor jobbar eg med meg sjølv.

For tanter som lagar heimelaga songar meiner det jo godt. Som regel.

Litt pinlig stemning no og då er prisen vi må betale for demokratiet.

Først publisert i Aftenposten 27. oktober.