Stemma frå statane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er ein slags illusjon. Men ein god illusjon. 24 år gamle Jo Vemund Svendsen sit i eitt av P4s to hovudstudio og forklarar VTB den klisjéfylte sanninga om radiovertar. Rett overfor han sit makker Daniel Høglund, som har dei same tankane:

– Folk blir skuffa når dei møter oss. For det fyrste er me ikkje så kjekke som me høyrest ut som. For det andre har me ikkje eingong like sexy stemmer som me har på radio. Tonen i studioet er ikkje akkurat alvorleg. P4-programleiarar er eit festleg folkeslag, kjappe i replikken og temmeleg uhøgtidelege når det passar seg slik. Noko det gjer ofte, både på radio og i det verkelege liv.  

Ei vinnande røyst  
Men korleis hamna Jo Vemund Svendsen, psykologsonen frå Vinje og etter kvart Langesund, i ein fast jobb i P4s radiostudio midt i Oslo sentrum? Kvifor er nettopp Joviss, som kompisane i Åmot kalla han seint på nittitalet, det mest lovande radiotalentet i Noreg i 2012? Og korleis i alle dagar har han enda opp med ein jobb som New York-korrespondent i ein alder av 24?  Kanskje såg UKM-dommarane det alt for mange år sidan. At denne taleføre guten, som stod på scenen år etter år, og saman med ein brokete kompisgjeng frå heimstaden Åmot lagde det litt for lange teaterstykket «Steike, det er gulrot i pizzaen», kom til å bli ein dyktig radioprogramleiar ein dag.  

– Alt starta med barneteateret, seier Jo Vemund, og me anar at svaret på spørsmåla våre kan ligge i ei rekkje tilfeldige hendingar.  Jo Vemund spela i Grenland barneteater i fleire år. Då han var 16, var det ein kompis av han frå teatret som skulle til Radio Grenland og lesa inn ei reklame for ei framsyninga dei skulle ha. Han kunne ikkje likevel, og Jo Vemund blei beden om å overta.  

– I Radio Grenland lika dei stemma mi godt. Så enkelt var det, smiler Svendsen, som seier han har mykje å takke radiostasjonen for.  

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Ronny Brede Aase? 

«Overflatisk pratmakar»  
Etter vidaregåande blei han tilsett i full stilling i Radio Grenland, og hadde kanalens morgonshow i eitt år. Han treivst svært godt med å vera det han sjølv kallar «ein overflatisk pratmakar». Så måtte han tenke seg om.

– Eg har eigentleg aldri hatt så mange draumar om kva eg vil gjera når eg blir stor. Det var frykteleg moro å vera i Radio Grenland og berre prate på radio, og eg kunne gjerne blitt der. Men eg tenkte ein del på at no hadde eg sjansen til å koma inn på journalisthøgskulen på grunn av praksiserfaringa. Det er viktig å ha litt i bagasjen også, seier Jo Vemund.

– Og så ville eg ikkje bli ein halvstudert røvar, som far min brukar seia, legg han til. Så til Oslo og høgskulen ber det, etter at militæret er fullført. Og no nærmar me oss P4. For den landsdekkande radiokanalen var ein av stadane han fekk praksisplass. Og jammen: Også i P4 likar dei radiostemma til pratmakaren frå Vinje. Dei viser stor tillit, og gjev praktikantane sine eit vidt spenn av utfordringar.

Og Jo Vemund tek utfordringane på strak arm.  

– Eg trur ordet potet blei bruka, seier Jo Vemund om grunngjevinga for at nettopp han blei kåra til årets radiotalent under bransjetreffet Radiodager i september.  – Jo Vemund Svendsen har alt me ser etter hos en programleiar: Han er kunnskapsrik og smart, morosam og underhaldande. Og radiofagleg sterk, trass i sin unge alder, uttalar programredaktør Per Henrik Stenstrøm i P4 på kanalens nettside.

Nyleg blei 24-åringen fast tilsett i P4, noko som er litt av ei bragd i ein bransje der det blir stadig hardare kamp om plassane. «Sport og musikk» heiter den populære sendeflaten der mellom anna han og kollega Daniel Høglund no regjerer.  

– Så no er eg er framleis ein overflatisk pratmakar, smiler han.  

LES OGSÅ: Utdannar seg til ulovlege vikariat

Ei trøystande stemme  
Men dei to åra på journalisthøgskulen har gjeve han tryggleik og ei brei fagleg tyngde han fekk særleg godt bruk for ein sommardag i fjor.  Jo Vemund var inne i eit fem-månadars vikariat i P4-sporten. Denne julidagen er både han og kollegaen i sporten på jobb, så dei har god tid. Utanom at dei fylgjer nøye med på Tour de France, er det ikkje så mykje som skjer.  Jo Vemund står i resepsjonen i P4-lokala i Oslo sentrum. Ein postmann kjem med ein del pakker, og Jo Vemund hjelper han å bera dei inn i gangen.  Så smell det.

 – Eg tenkte «jøss, kva er det som skjer der oppe i salsavdelinga no»?  Men det var slett ikkje i salsavdelinga til P4 at det small. Det var 200 meter lenger nedi gata. I regjeringskvartalet.  I løpet av få minuttar var han og kollegaene på staden. Direkterapporteringa ein P4-kollega gjorde frå staden fekk utmerkinga årets radioaugneblink eit år seinare.  

– Me var der før politiet, og rakk å sjå mykje før dei kom og jaga oss vekk. Eg tenkte på at eg og kjærasten min sat og åt is akkurat på same plassen dagen før. Tilbake i redaksjonslokala kokar det. Alle vil jobbe, gjera noko, bidra. Gjera alt for at folk der ute skal få informasjon om kva som skjer. Dei ringer rundt, prøvar å samle trådar. Musikk, reklame, alt anna enn stemmene til programleiar og reporterane går ut.  Så melder Dagbladet at to personar er drepne på Utøya. Sjefen seier til Jo Vemund at «no held du i denne saka her».  

– Det er heilt rart – då eg spela av klippa frå sendinga nokre veker etter, hugsa eg ingenting av det.  Ved midnatt går han av vakt. Så vaknar han til ein ny, forferdeleg dag. Det meiningslause, tragiske byrjar å gå opp for folk i Noreg, i verda.

 – Laurdagen var grusom. Då var det ikkje lenger berre informasjon lyttarane trengte. Det var også ein dag for trøyst. Og det kjentes veldig meiningsfylt å få vera ein som kunne vera med og trøyste, seier Jo Vemund.  Sundagen er sendeflaten fylt med kondolansemeldingar og ønskelåtar.

– Eg trur mange synest det var godt å kunne slå av fjernsynet, og høyre trøystande songar og god prat. Eg er veldig glad eg fekk vera med på det, seier Jo Vemund.  Sundag kveld blir han oppringt av ein av lærarane sine og spurt om han vil vera med på å lage ein 22. juli-dokumentar. Målet er ein verdig dokumentar, som skal oppsummere hendingane gjennom stemmene til nokre av dei som var involvert. «En liten øy i verden» vinn seinare både Gullruten og den prestisjetunge europeiske prisen Gullnymfen.  

New York, New York  
Etter nyttår blir ikkje lenger radiostemma til Jo Vemund å høyre i «Sport og musikk». Då forlet han både makkar Daniel og heimlandet Noreg, og reiser til New York. 24 år gamal blir altså Vinje-guten USA-korrespondent.  

– Det er sjukt, er Jo Vemunds kommentar.  Frå nyttår blir han permittert frå stillinga han no har, og må over til frilansjobbing med P4 som hovudkunde. Men det gjer han ingenting.  

LES OGSÅ: Nesten ti dagar i New York

– Dette er nok ein unik ting P4 gjer – å vise ein 24-åring slik tillit at dei sender han til New York som korrespondent. No skal eg nok verkeleg få brukt potet-eigenskapane mine, smiler han. Heile USA er nedslagsfelt, og han kan levere til fleire enn berre P4. Moglegheitene er kanskje store for at han treffer ein Hollywood-kjendis eller to. Kven veit. Uansett er ikkje det noko problem. Den einaste gongen Jo Vemund har blitt skikkeleg «starstruck», var då han var i London for å dekke OL, og han fekk møte Ryan Giggs.  

– Men dei er berre menneske, dei òg, konstaterar han, og spelar av eit klipp ein eigen programpost dei har i «Sport og musikk»: Kva har du i tacoen?  Jo Vemund og Leo Ajkic smakar på medprogramleiarens taco med pytonslangekjøt. Det er lettbeint og morosam radio, akkurat passe useriøst.  

– Det er det majoriteten vil ha. Og då gjev me dei det, seier Jo Vemund, med den vanlege stemma si.  På radio høyrest han nemleg litt annleis ut. Veldig … radioprogramleiaraktig, på ein måte. 

LES SAKA I VTB!