3 av 10 gulrøter er for stygge
Rundt 30 prosent av norske gulrøter er ikkje fine nok for butikkhyllene.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år blir det produsert rundt 2000 tonn gulrøter i Noreg, men av desse går berre 1200 tonn ut til forbrukarane. Det kjem fram gjennom Østlandsforskning sitt forskingsprosjekt om svinn i jordbruks- og matproduksjon.
– Gulrøtene blir hovudsakleg tekne ut på grunn av utsjånad, men det er også snakk om ein del andre skavankar, fortel dagleg leiar ved Solør Grønt, Kjell Rønning til NRK.
– Vi har og ein billig variant i butikken, han er forholdsvis populær. Det er jo den same smaken, dei ser berre litt annleis ut, seier gulrotbonden. Gulrøtene som ikkje er bra nok til å bli menneskemat blir ikkje kasta, men blir heller brukt som dyrefôr.