Siste sjanse for republikanarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit sitat som i mange ulike versjonar er tillagt den kontroversielle Harvard-professoren og statsvitaren Samuel Huntingon og som stadig vert teke opp att av den no kanskje endå meir kontroversielle Harvard-historikaren Niall Ferguson, går om lag slik: «Kva hadde skjett om det var spanjolar som hadde vore om bord i ‘Mayflower’ i staden for engelske puritanarar? Då hadde USA vore ein vanleg, korrupt sør­amerikansk stat.»

Slik tenkjer konservative professorar i USA om kultur, etnisitet og det å vera av nordeuropeisk avstamming. Og slik ser det ut til at mange kvite amerikanarar, særleg menn, tenkjer. Men det vert færre av desse, fyrst relativt, så absolutt. Det får konsekvensar. Som den republikanske senatoren Lindsay Graham frå South Carolina nett sa det: «Vi genererer ikkje mange nok sinte, kvite menn til at forretningsmodellen vår kan overleva i framtida.»

LES OGSÅ: Halvparten trur på global oppvarming

USA er ikkje Hollywood
Ein vanleg påstand om USA er at det er smeltedigelen, landet der rase, religion og etnisitet kverv og vert den store fellesskapen som på paradoksalt vis likevel dyrkar individet. Påstanden er berre delvis sann, påstanden kunne like gjerne vera at USA er svært så delt etter etniske skiljeliner, særleg utanfor Hollywood, finans- og universitetsverda, som vi nordmenn hentar referansane våre frå.

Våren 1994 budde eg som ung student nokre månader i Abilene i Kansas. Eg arbeidde i Eisenhower-arkivet. Eg hadde ikkje vore i USA før. Den fyrste amerikanaren eg såg utanfor vindauget då eg landa i Kansas City, Missouri, var ein svært overvektig svart amerikanar. Mest alle dei tilsette på flyplassen som gjorde ufaglærde jobbar, var svarte. Nokre timar etter var eg framme på landsbygda i Abilene. Han eg leigde bustad hjå, var styreformannen for Eisenhower-senteret. Eg nemnde dette med alle dei svarte på flyplassen, og han sa at han sjølvsagt ikkje var rasist – men, la han til med ei nøytral røyst: «Her i byen har vi faktisk berre éin svart familie.»

Bob Dole
Mannen tok seg mykje av meg. Ein kveld vi sat på kontoret hans, spurde eg om kvifor han hadde eit stort bilete på veggen av senator Bob Dole, som var leiar for republikanarane i Senatet og som seinare stilte opp mot Bill Clinton: «Av di eg leier valkampen hans her i Kansas», svara han. Han hadde vorte litt småfull. «Har du lyst til å snakka med han?» Eg flirde og sa noko om at det vart vel vanskeleg.

Mannen tok opp telefonrøyret, og kort tid etter sa han: «Bob, her er ein ung nordmann du bør snakka med», så gav han meg telefonen. Det var ein pinsam augneblink. Etter at vi la på, sa fyren at Dole var svært oppteken av å halda kontakten med veljarane sine. Bygda var overveldande republikansk. For ein ung nordmann frå Blindern var det å møta folk som hadde våpen med seg i bilen, å møta menneske som tok til ords for dramatisk utvida dødsstraff, som sa at ingen burde betala skatt, som hadde vore skarpskyttarar i Vietnam, ja, annleis. Dei elska Dole, han såg dei. Han var ein av deira eigne.

LES OGSÅ: Skulegut fekk gylden skulkemelding

LBJ
Lyndon B. Johnson sa det på denne måten då han skreiv under borgarrettslovene: «No signerer eg bort sørstatane», han kunne lagt til: «Og den kvite landsbygda». I praksis er det berre Bill Clinton av dei siste demokratiske presidentane som har brorparten av kvite menn på si side. Så var han då også ein konservativ president som avvikla mykje av det velferdsstatlege nettet som særleg svarte nytta seg av.

Sanninga er òg den at Barack Obama er den einaste presidenten sidan nett LBJ i 1965 fekk vedteke Medicare og Medcaid, som har gjennomført ei stor velferdsstatleg reform, nemleg Obamacare. Kvifor fekk han dette høvet? Av di etniske minoritetar ynskte det. Det er der dei største gruppene som fell utanom dei offentlege helsetenestene, har vore. Takka vere at så godt som 100 prosent av dei svarte og 67 prosent av dei med søramerikansk bakgrunn røysta på han, vart han vald i 2008. Alt anna likt, med dagens demografiske samansetning i USA, hadde Ronald Reagan ikkje vorte amerikansk president. Det hadde ikkje vore mange nok sinte, kvite menn. Derimot får USA stadig fleire svarte sinte menn.

Men best av alt for demokratane: Latinoane veks særleg mykje i vippestatane. Obama vann Colorado, Florida, Nevada, North Carolina og Virginia, statar som før i regelen hamna hjå republikanarane. Når han i år igjen ser ut til å taka Ohio også grunna minoritetar, er valet langt på veg sikra, og det endå om Romney skulle vinna flest røyster samla sett.

LES OGSÅ: Kan Romney slå Obama?

Svarte i flokk
Dei svarte, om og når dei røystar, er den mest homogene politiske gruppa i USA. Dei røystar demokratisk nærast same kva. Det gjer to av tre latinoar òg. Frå 2000 til 2010 voks dei med 43 prosent i USA, til 50 millionar. I 2050 vil dei om Pew Research Center får rett, koma opp i 150 millionar, og denne gruppa har to hovudinteresser: å gjera det enklare for søramerikanar å koma seg til USA og å få verta ein del av ein universell velferdsstat.

Bush junior var aldri hard på innvandring: «Hallo, om dei er viljuge til å gå over Big Bend (stor nasjonalpark mellom USA og Mexico), så vil vi ha dei!» Men den same Bush er ikkje lenger populær hjå den harde høgrekjernen i USA, den same kjernen som dominerer meir og meir i Det republikanske partiet. Tea Party og andre såg seg leie på dei store underskota til Bush og viljen til å sleppa inn latinoar. Båe delar fører i deira augo til auka skattar og større velferdsstat.

Og så lenge majoriteten av kvite amerikanske menn meiner dei gjev meir enn dei får att frå staten, vil kløfta mellom dei etniske gruppene i USA halda fram med å auka, særleg av di demokratane har vore flinkare til å integrera minoritetar på alle nivå.

Obama som er sjølve symbolet på eit endra politisk og etnisk USA, har freista å draga USAs velferdsstat i europeisk retning, den same retninga som dei kvite amerikanarane kom frå. Eit republikansk parti som er mot innvandring frå sør og ynskjer å ta ned velferdsstaten, har liten sjanse i framtida. Det er vel difor republikanarane i Kongressen driv USA mot stadig større underskot på budsjetta, i von om at Obama og minoritetanes politiske ynske skal verta umogeleg. Etter konkursen skal alt det gode skje, verkar det som høgresida i USA trur. «Vi må sveltefôra beistet», som Reagan sa det. No er Det republikanske partiet eit beist i solnedgang.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!