Norske julekaker må i år bakast med hjelp av fransk smør. Det er underskot på feitt og smør her i landet, og Tine løyser problemet med å importera smør frå Frankrike. Råvarene kjem frå Irland.

NPK
NPK

900 tonn smør må før jul importerast frå Frankrike for å møta behovet til julebaksten i år. På same måten som Noreg og fleire EU-land, slit Frankrike derimot med fløyteunderskot og må importera mjølk frå Irland.

Det franskproduserte importsmøret, på irsk råvare, har ei litt anna samansetjing enn det vi er vande til frå tidlegare. Julesmøret i år gjev ein mjukare konsistens på deigen, som igjen medfører at steikinga av dei tradisjonelle norske julekakene kan gå noko raskare enn det du er vand til, opplyser Tine.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE