Verdas største kollisjon skapte månen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg bevist – slik blei Månen til

I over 30 år har forskarar arbeidd etter ein hypotese om at månen blei slått laus frå Jorda då planeten Theia, på storleik med Mars, sneia Jorda for 4,5 milliardar år sidan. Men først no er teorien bevist av amerikanske forskarar, som publiserer studien i tidsskriftet Nature.

Ei gruppe på Washington University i St.Louis har undersøkt månestein som ble henta av Apollo-astronautane på 1970-talet. Steinane mangla stoff som lett fordampar, blant anna sink. Dette tyder på at ein valdsam planetkollisjon skapte månen. Forskarane har funne at 20 prosent av sinken på månen er fordampa gjennom fordamping i den varme magmaen.

LES OGSÅ: Gigantisk gullklump passerer Jorda

– Det er faktisk temmeleg vilt, seier forskar ved Geologisk Museum i Danmark til Videnskab.dk.

– Mest truleg er all denne sinken hamna på Jorda. Ein må forventa at den fordampa sinken hopa seg opp i ein gassrik atmosfære som omgav Jorda etter samanstøyten. Sidan Jorda er størst, vil den òg ha størst massetiltrekning og det største overflatearealet. Ein stor del av gassen med sink er difor forsvunne frå Månen og trekt ned på Jorda, held han fram.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Planetkollisjonen skulle òg ha ført til litt større mengde av den tyngre varianten av sink. Dette er eit eksempel på det som blir kalla isotopisk fraksjonering.

No har forskarane for første gang påvist denne isotopiske fraksjoneringen i sink frå månesteinen, og dermed bevist Theia-teorien, ifølge pressemeldinga frå Nature.