Vil sende deg langt vekk
Cat Sperbund reiste til Brasil for å undervise i engelsk. No vil ho få andre studentar ut av si komfortsone.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trur på å dele det ein har, seier Cat Sperbund (22).
Ho sit på eit smalt, avlangt kontor i samfunnsvitarane sitt bygg på Universitetet i Oslo. Cat er visepresident for utgåande utveksling i studentorganisasjonen AISEC.
Ti etasjar lenger nede er studentane som små maur, som vrimlar til og frå førelesningar, seminar og lesesal. 22-åringen arbeider for å få fleire av desse til å vrimle ut av landet og ut av komfortsonene sine.
Global borgar
Med norsk far og thailandsk mor har Cat reist mykje. Ho har budd i USA, England og Thailand. I fjor, då ho var ferdig med bacheloren i politikk og internasjonale relasjonar, flytta Cat til Noreg.
– No skal eg «become a Norwegian», smiler ho.
Først etter ein halvtime kjem det fram at ho faktisk snakkar norsk.
– Men eg blir så flau! Då må eg konsentrere meg sånn og så fell eg heilt ut, ler ho.
Og det er ikkje så praktisk når Cat skal dele sine mange tankar om utveksling og moglegheiter. Språktimar i norsk og frivillig engasjement i studentorganisasjonen til tross, det tok ikkje lang tid før Cat la ut på nok ei reise. Før sommaren gjekk turen til Brasil.
– Eg har reist mykje og føler meg privilegert, seier ho.
Engelsklærar i Brasil
Etter å ha fullført bachelorgraden var Cat usikker på kva ho skulle ta seg til. Ho hadde teke eit kurs i engelskundervisning og det leia henne til ideen om å reise for å bidra med noko ho kunne.
LES OGSÅ:Kritisk utanlandserfaring
Gjennom AISEC reiste ho til byen Juiz de Fora, der ho underviste elevar frå to til 44 år i engelsk. Vertsfamilien var «awesome», ho møtte mange nye menneske og ho fekk brukt kunnskapane sine.
– Eg lærte så mykje om meg sjølv og andre. Sjølv om eg har reist før, var det første gong eg reiste åleine til ein ukjent kultur på denne måten. Vertsfamilien min var så utruleg snill. Eg lurte på korleis dei kunne vere så snille. Dei meinte det var naturleg når eg hadde reist over halve verda for å arbeide frivillig, fortel ho.
Også i møte med elevane møtte Cat lærerike haldningar.
– Det er stor skilnad på fattig og rik i Brasil. Eg underviste ei jente som hadde privatsjåfør og kunne reise kvar ho ville. Hennar største bekymring var kor ho skulle reise neste ferie. Ein annan elev bekymra seg over kva familien skulle ete neste veke. Det interessante var at den andre studenten, som ikkje hadde høve til å reise, hadde eit mykje modnare syn på verda, meiner Cat.
LES OGSÅ:Alt er heilt fantastisk
Eige symjebasseng og basketballbane vitna om at heller ikkje vertsforeldra tilhøyrde dei minst privilegerte i Brasil.
– Dei dreiv ein skule, der også elevar som ikkje hadde god råd kunne få skuleplass. Det er ikkje vår økonomiske bakgrunn som avgjer kven vi er og kva vil vel å arbeide for, meiner Cat.
Utfordre seg sjølv
I utgangspunktet skulle Cat arbeide på éin skule. Men ho ville ha meir. Snart arbeidde ho mellom anna på to skular til.
– Eg forsøker å setje meg sjølv i ulike situasjonar og forstå dei ulike menneska eg møter. Når eg reiser til land der folk ikkje har så mykje, fokuserer eg ikkje på kva eg har. Dersom eg kan dele så vil eg det. Og dersom eg kan vere med og gjere det globale samfunnet betre, så vil eg det, seier ho.
Formidlar praksisplassar
AISEC er eit nettverk av studentar i 131 land, som formidlar praksisplassar mellom studentar, bedrifter og organisasjonar. I dag har organisasjonen 64 000 medlemmar. Til ei kvar tid har dei 12 000 praksisplassar tilgjengelege, ifølgje Cat.
Praksisplassane fell hovudsakleg i to grupper. Anten er dei betalte profesjonelle praksisplassar eller frivillig arbeid. Studentane som formidlar praksisplassane, som Cat, arbeider frivillig i lokale komitear. Dei rapporterer til styra i nasjonalkomiteane, som igjen rapporterer til den internasjonale komiteen.
LES OGSÅ:Utanlandsstudentar nedlessa i studiegjeld
Databasen er imponerande og AISEC lokkar med skreddarsydde praksisplassar. Men herligheita har sjølvsagt ein prislapp.
– Ein må betale fire tusen kroner for å melde seg inn i AISEC, fortel Cat.
Midlane går til administrasjon og dei nasjonale og internasjonale komiteane. Cat vedgår at fire tusenlappar kan vere mykje pengar for ein fattig student. Difor prøver Oslo-laget å vere fleksible.
– Nokre er skeptiske til å betale så mykje, utan å vere sikre på at dei får praksisen dei ønskjer seg. Lokalkomiteane til AISEC praktiserer det litt ulikt, men vi forsøker å vere imøtekomande og så langt det går sjekke om kor stor sjanse studenten har til å få praksisplassen dei ønskjer seg før dei må melde seg inn, fortel Cat.
Vil få andre til å reise
Sjølv tener ikkje Cat noko på å rettleie og leggje til rette for reiselystne studentar, men det er ikkje viktig. Det viktigaste for Cat er at andre reiser ut.
– Foreldra mine spør meg av og til kvifor eg bruker så mykje tid utan å få løn. Men eg har reist sjølv og eg vil at andre skal få oppleve det same, smiler ho.