Sunt med reinsdyrkjøt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overraskande sunt

– Reinsdyrkjøt er faktisk svært sunt. Det inneheld meir enn dobbelt så høge verdiar av nokre næringsstoff som anna kjøt, samtidig som det kan samanliknast med kylling i feittinnhald, seier stipendiat ved Det helsevitskaplege fakultet, Ammar Eltayeb Ali Hassan, ved Universitetet i Tromsø til Forskning.no.

Dei siste åra har han analysert kjøtet, levra, talgen og beinmergen til 131 reinsdyr i fire fylke og 14 beiteområde i Noreg. Han har mellom anna funne ut at reinsdyrkjøtet også er rikt på omega-3 og omega-6, og at 100 gram er nok til å dekkja den daglege dosen av desse feittsyrene.

– Sjølv om feit fisk er viktig kjelde til essensielle fettsyrer i norsk kosthald, er nivåa på nokre av desse stoffene i reinkjøtt mogleg å samanlikna med sjømat som torsk, krabbe, blåskjell, østers og scampi, held Hassan fram.