Mange hevdar at elevar i grunnskulen er for dårlege og for lite interessert i matte. Vektorprogrammet har som mål å snu denne leie tendensen.

Milla Alida Brodahl, Under Dusken
Milla Alida Brodahl, Under Dusken

Det er få ting som framprovoserer «oj»-ing, «huff»-ing og risting på hovudet i så stor grad, som når rapportar på norske born og unge sine mattekunnskapar blir lagt fram. Rapportane frå internasjonale studiar som PISA og TIMSS avdekker år etter år dårlege matematikkprestasjonar hos våre unge samanlikna med unge i mange andre land. Medan andre held fram med «huff»-inga, bestemte nokre studentar frå sivilingeniørlinja for fysikk og matematikk seg for å gjere noko med saka. Dei ynskjer å bidra til å snu ein tragisk trend.

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Frivillig arbeidsånd
Vektorprogrammet vart starta av linjeforeninga Nabla i 2010.

– Vi har som formål å auke interesse og kunnskap innan matematikk for elevar på ungdomsskoletrinnet, seier leiar og grunnleggar Gard Fostad Moe.

I dag samarbeider Vektor med sju skular, der dei bidreg med den frivillige hæren sin av Vektor-assistentar. Assistentane er realfagsstudentar ved NTNU. Dei er tilstades i mattetimane på ungdomsskular som ein ekstra ressurs for elevane.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

Vektor-assistentar til unnsetning
To av Vektor-assistentane er fysmattarane Andrea Hjelt og Sondre Vik Furuseth. Kvar onsdag tek dei fri frå sine eigne studium for å hjelpe 8. og 9. klassingar ved Flatåsen skule med matematikk.

– Vi fungerer som ei ekstra hjelp ved sida av læraren, seier Furuseth.

Med 30 elevar i ei klasse og berre ein lærer, er det ikkje alltid tid eller kapasitet til å hjelpe alle som skulle ha behov for det. Då er det fint for elevane å ha to ekstra hovud som kan svare på spørsmål.

– Eg trur eg skulle drege nytte av eit slikt opplegg sjølv som ungdomsskuleelev, seier Hjelt.

LES OGSÅ: Har betre haldningar enn kunnskapar

Haldningsskifte
Noko av grunnen til dårlege prestasjonar innan matematikk kan skulde ein generell negativ haldning til faget. Frykta for å hamne i kategorien «nerd» er aldri så høg som på ungdomsskulen, dermed blir matematikk fientleggjort av mange.

– Vi ynskjer å gje matte eit ansikt, vi vil vise at ein kan like matte utan å vere den stereotypiske nerden, seier Hjelt.

Vektor-assistentane fungerer ikkje berre som ekstra-lærarar, men òg som forbilde for elevane.

– Vi får mykje god tilbakemelding frå elevar og lærarar for det pedagogiske.

LES SAKA I UNDER DUSKEN! (på bokmål)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE