Følgjer draumen om Torolv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så mange talent her. Alle har vakse ut frå det sterke kulturmiljøet på Bømlo. Me har eit luksus …, seier Brynjar Stautland.

– … ikkje eit luksusproblem, men ei verkeleg utfordring med å finna den rette til både Torolv og Vigdis, skyt Cathrine Aakre Nesse inn. Den tredje i panelet som vurderte dei frammøtte, er Karina Opdal, som har regien på sogespelet også neste år.

LES OGSÅ: Dramatisk læring

Håpar på rolla
Heine Larsen er 25 år gammal. I 19 år har han vore med i Mostraspelet. Ein kan trygt seia at han har vakse inn i rollene han har hatt der.

– Då eg var sju år gammal, Reidun Hamre elskar forresten å minna meg på dette, hadde eg vore med eitt år i Mostraspelet. Etter berre eitt år lurte eg på kva tid det skulle bli min tur til å spela Torolv! Eg var i alle fall klar. Dette har vore ein draum sidan eg var litan gut. Håpar det er min tur no, seier han med eit smil, før han går ut av prøvesalen i kulturhuset.

Ute i gangen sit Sondre Landvik og Anna Rolfsnes. Snart skal Anna inn til panelet som skal vurdera om ho er den rette for rolla som Vigdis, den kvinnelege hovudrolla i Mostraspelet.

– Eg har litt vondt i kroppen. Det skuldast ikkje at eg er nervøs, men dei køyrde oss temmeleg hardt fysisk då me kom til kulturhuset i føremiddag, forklarer ho. Sondre Landvik, på si side, fortel at han er heilt roleg.

Motiverte utøvarar
– Eg har vore inne alt. No nyttar eg tida til å studera litt. Skal vera her heilt fram tid halv fem-tida, seier ungdommen som har med seg både pc og lærebøker.

– Korleis er dei, dei som kjem på auditon?

– Dette er veldig motiverte folk. Det er ein vanskeleg jobb, seier Karina Opedal, regissør for Mostraspelet neste år.

– Det er tøft også, det, når me veit at 10 av desse må me seia at ikkje vil få jobben, seier Brynjar Stautland, produsent i Bømlo Teater.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur

Bruker tid på utplukkinga
Alle som var på audition i Bømlo kulturhus sundag, er mellom 17 og 25 år gamle, og kjem frå Bømlo. At unge bømlingar er å finna i hovudrollene neste år, er eit heilt medvite val då Mostraspelet rundar 30 år. Fem unge menn og sju unge kvinner troppa opp i går opp for å prøva seg.

– Dei som blir plukka ut er mellom dei aller yngste som nokon gong har spelt hovudrollene i Mostraspelet, fortel Stautland.

– Når er det klart kven som får hovudrollene?

– Det skjer nok ikkje i dag, sundag. Me vil bruka litt tid på dette. Det blir tøft for dei som har vore inne hos oss på audition å venta litt, men me treng tida. I løpet av veka er dette klart, seier Opdal. Under auditionen framførte kandidatane høvesvis tekst for Torolv, dialog mellom Torolv og Vigdis, song frå Vigdis-rolla og melodilinje frå Lenge sat eg i Vetahaugen.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!