Fleire seier ja til EU
Men EU-motstanden til nordmenn er framleis høg med over 70 prosent som seier nei.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
72,4 prosent seier nei til norsk medlemskap, og berre 18,9 prosent seier ja.
Neisida har gått tilbake 7,4 prosentpoeng sidan toppen på nær 80 prosent i januar. Ja-sida har gått fram med 6,3 prosentpoeng sidan botnnoteringa på 12,6 prosent i januar. Det viser ei ny meiningsmåling Sentio har gjennomført for Nationen og Klassekampen.
Men verken ja- eller neisida tek tala som eit teikn på at stemninga i folket er i ferd med å snu.
LES OGSÅ: Nobelpris gav medlemsboom
Leiar Paal Frisvold i Europabevegelsen kallar målinga interessant.
– Det er alltid gledeleg å spore ei auka oppslutning om EU-medlemskap, men det er framleis ein lang veg å gå for at folk skal få ei betre forståing av kva EU er, seier han.
Leiar Heming Olaussen i Nei til EU seier EU-motstanden er grunnfesta i det norske folk og viser til at nei-standpunktet hadde ei oppslutning på over 60 prosent allereie før den økonomiske krisa i EU slo inn.
QUIZ: Kva veit du om EU?
– Om det er 77 eller 72 prosent som seier nei til EU er av marginal interesse. Det er nivået på motstanden som er interessant. Så lenge det ligg over 70 prosent og tilhengjarane er på under 20, så skjønar alle at jasida har ei håplaus sak, seier han.
Målinga er gjort både før og etter at det blei kunngjort at EU blei tildelt Nobels fredspris. Både ja- og veit-ikkje-gruppa styrkte seg noko etter kunngjeringa. (©NPK)
Kva meiner du om norsk EU-medlemskap?