Noreg er meir sjølvforsynt med mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er meir sjølvforsynt

– Årsaka til at sjølvforsyningsgraden var litt høgare i fjor, er truleg at kornsituasjonen betra seg litt, seier avdelingsdirektør Per Christian Rålm i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking til Nationen. Han har vore redaktør for rapporten «Mat og industri 2012», der tala blir presentert.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke og småbrukarlagsleiar Merete Fureberg er ikkje imponerte og meiner at små svingingar frå år til år er meir eit utslag av vêret enn ein bevisst politikk.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

– Dei lange linjene viser at den reelle sjølvforsyninga går ned. Sidan 2005 har etterspørselen etter jordbruksvarer auka med 8 prosent, men produksjonen har berre auka med 1,5 prosent, seier Bjørke til Nationen. (©NPK)

Synest du det er viktig at Noreg blir meir sjølvforsynt med mat? Kva skal i så fall til for å gjera Noreg meir sjølvforsynt med mat?