Jazzar sitt eige språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På den sjette plata har 35-åringen endeleg bevega seg inn i sitt eige rike, reint språkleg sett, til Sykkylven på Sunnmøre.

– Eg har gitt ut ei plate på norsk før, men då var det Edvard Hoem som hadde omsett tekstane til Monica Zetterlund til nynorsk. Dette er første gong eg skriv på min eigen dialekt, på sykkylvsk, seier Asbjørnsen til NTB.

Ho erkjenner at det kjennest godt, men kanskje også litt nake og nært. Ikkje minst fordi ho i jazzen brukar klare bilete og referansar. Då gjeld det å passe seg for fallgruver som gjer at tekstane blir openberre klisjear.

– Det er få norske førebilete som har brukt sitt eige språk i denne sjangeren. For meg har Erik Bye vorte meir og meir eit førebilete. Han skreiv fantastiske tekstar som var biletlege og poetiske, utan at dei sterkt kjensleladde bileta vart klisjear.

Utleverande
Hilde Louise Asbjørnsen er også klar over at mange kanskje vil tru at tekstane refererer til eksakte hendingar i livet hennar, no når ho brukar sitt eige språk og ikkje engelsk.

– Eg har skrive svært personlege tekstar på engelsk før, men dessverre trur eg ikkje alle lyttar like godt til tekstane når dei er på engelsk, seier ho og poengterer at tekstane ikkje nødvendigvis er meir henta frå livet hennar no, enn dei engelske har vore.

– Men eg kan ikkje gå rundt og vere redd for at nokon skal tru at det eg skriv om utleverer mitt eige liv. Då ville det påverke skriveprosessen, seier ho.

Så når Hilde Louise Asbjørnsen syng «Det e stjerneklar natt, fritt fram for fantasia, du er sauvnlaus og forlatt, enkelt bytte for mania, du sjangla på line, men ka kan du gjere, du ber til han der oppe og han der nede om å la deg vere», så er det ikkje nødvendigvis si eiga søvnløyse ho syng om, sjølv om ho ofte er påtrengande nok for ein musikar og ei småbarnsmamma.

LES OGSÅ: Ida Jenshus syng ut

Månesjuk
Og sjølv om timing er den sterke sida til Hilde Louise Asbjørnsen, ikkje minst i jazzen, er ikkje det å bli småsjuk samtidig med ny plateutgjeving, heller heilt planlagt.

– Nei, det var jo typisk. Men eg har blitt veldig rutinert på det å vere litt sjuk, seier Hilde Louise Asbjørnsen og ler:

– Med ein son på tre år, som har gått i barnehage dei siste to åra, kjenner eg at eg har vore litt sjuk heilt sidan han begynte der.

Plata «Månesjuk» er den sjuande i rekkja. Og månen har Hilde Louise Asbjørnsen vore oppteken av heilt sidan ho var lita jente.

– Månen har alltid fascinert meg. Eg blir ikkje søvnlaus av han, men blir heller ståande og glane på ein måte. Eg har ei dragnad mot månen, seier ho.

LES OGSÅ: LidoLido – Hiphop frå Haugesund

Dreg deg mot stupet
Jazzmusikaren, komikaren og skodespelaren trur ikkje ho er aleine om å kjenne dette suget.

– Det trur eg mange menneske kjenner, suget som sit i mellomgolvet, og som på ein måte dreg deg mot kanten av stupet.

«Månesjuk» er for henne eit bilete på nettopp denne dragnaden – mot det spennande, det ukjende, kanskje til og med det forbodne.

– Eg trur faktisk det suget er avgjerande for mange avgjerder ein tek, ikkje berre i den heilt private sfæra, men også på avgjerder som blir tekne høgare opp. Vi veit så mykje no, vi veit kva som er smart og rett, kva vi skal ete for helsas skuld, kva vi skal gjere for å få ei best mogleg samfunnsutvikling.

Likevel gjer vi ikkje alltid det rette, vi blir dregne mot stupet.

– Gong på gong så bommar vi, seier Asbjørnsen. (©NPK)

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Her er den splitter nye videoen til songen "Gjer det igjen":

Faktaboks

Les meir om Hilde Louise Asbjørnsen på Wikipedia!

Sjekk Myspace-sida og heimesida hennar!

Her spelar Hilde Louise Asbjørnsen i haust og i vinter
27.10. DRAMMENS TEATER
03.11. VERDENSSPEILET, FREDRIKSTAD
06.11. STRYN KULTURHUS
07.11. ØRSTA KULTURHUS
09.11. BAR ALEX, MOLDE
10.11. STORFJORD KULTURHUS, STRANDA
14.11. RÅDHUS-TEATRET, KONGSVINGER
25.11. ROCKEFELLER, OSLO
27.11. ÅMOT KULTURHUS, RENA
01.12. IBSENHUSET, SKIEN
17.01. ENERGIMØLLA, KONGSBERG
18.01. BRYGGA KULTURSAL, HALDEN